Vekemeny 40

Søndagen er atter her igjen og i tillegg er det første veka i oktober! No er det unekteleg haust, uansett eventuelle varme dagar som måtte kome.

Her hjå oss er de endå ei kvardagsveke før haustferien set inn, men kanskje har du allereie starta ferien? Menyen under passar både til deg som har ferie og god tid på kjøkkenet og for deg som småspring litt mellom jobb og ettermiddagsaktivitetar. Har du fri høver det kanskje å bake ei kake denne veka? Eller kanskje diske opp med noko anna godt?

Om du lagar noko frå bloggen er det alltid stas å sjå resultatet på Snapchat eller Instagram. Du finn meg under namnet @kvardagsmat (sjølvsagt).

Ha ei fin veke!

Mandag

blomkålsuppe kokosmelk

Krema blomkålsuppe med kokosmelk

Blomkålsuppe er ein klassikar som er fin å servere både som forrett, lunsj, middag eller kvelds. Denne versjonen har kokosmjølk i seg, som gjer den deilig krema. Mjuk og god… Fortsett å les »

Tysdag

Kjapp kyllingwok med fennikel

2 kyllingfiletar 1ss soyasaus 1ss sweet chili saus 2 gulrøter 4 asparges 2-3 vårløk ½ raud paprika ½ fennikel Del kyllingen i bitar og legg den i ein brødpose saman… Fortsett å les »

Onsdag

asiatisk risnuddel

Asiatiske risnudlar med grønsaker

Asiatiske risnudlar med grønsaker er «comfort food» som du slurpar i deg med gaffelen i eine handa og tallerkenen i andre. Deilige asiatiske smakar blanda med risnudlar og friske grønsaker…. Fortsett å les »

Torsdag

soyasmør

Steikt skrei med soyasmør og granateple

Steikt skrei med soyasmør og granateple er nydeleg god middag, og enkel å lage. Det vanskelegaste er å få ut frøa frå granateplet utan å dekorere alt rundt deg raudt…. Fortsett å les »

Fredag

enchilladas

Enchiladas med bønner

Enchiladas med bønner Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med… Fortsett å les »

Laurdag

hønse frikassè

Hønsefrikassé

Hønsefrikassé er gløymt kvardagsmat som burde kome til sin rett igjen! Høne er billeg og godt kjøt som vi burde ete mykje meir av i staden for kylling. Eg betalte… Fortsett å les »

Søndag

får i kål

Fårikål

Fårikål er haust og tradisjonar. At ein kan få til noko så godt med så få ingrediensar er sjarmerande, og så er det kjekt med middag som lagar seg sjølv…. Fortsett å les »

Noko godt

raw almond treat

Rå mandelkonfekt

Rå mandelkonfekt Rå mandelkonfekt er ein vri av den nydelege rå snickers konfekten. Sidan eg kjenner fleire som ikkje toler peanøtter måtte vi lage ein versjon utan peanøttsmør og nøtter, slik… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Bagels

Du veit den runde baksten med hol midt i? Med sesamfrø eller valmuefrø på toppen og oftast servert med kremost og noko til? Bagels ja! Det er liksom ikkje så… Fortsett å les »

Vekas kake

bakt ostekake med bringebær

Bakt ostekake

Bakt ostekake er nydeleg! Søt og crunchy botn med syrleg og deilig ostefyll. Den liknar litt på Key Lime Pie, og eg har difor falle for freistinga med å bytte… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.