Hønsefrikassé

hønse frikassèHønsefrikassé er gløymt kvardagsmat som burde kome til sin rett igjen! Høne er billeg og godt kjøt som vi burde ete mykje meir av i staden for kylling. Eg betalte i overkant av 20 kr kiloen for den eg kjøpte og lapskausblandinga var omlag 15 kr. Har du eit lite utval av krydder, smør og mjølk heime blir dette ein rimeleg middag og absolutt eit tips til studentar.

Høna treng litt lenger tid enn kyllingen, men det er akkurat som å koke kraft. Du set gryta på omnen, og jobben gjer seg sjølv. Den viktigaste ingrediensa er tid, så du kan fint gjere noko anna samstundes. Eg har delt oppskrifta i to delar, så kan du velje om du vil gjere alt på samme dagen, eller dele det opp over to dagar. Då har du rask middag etter jobb på ein heilt vanleg kvardag.

Eg tippar at du finn høne i frysedisken på butikken din, bak dei andre frysevarene. Ta med deg ei neste gong du er i butikken og inviter på hønsefrikassé eller frys ned porsjonsstørrelsar til deg sjølv, så har du næringsrik, god og billeg mat i lang tid. Hønsefrikassé er nemleg ein av desse rettane som berre blir betre dagen etter.

hønsefrikasséTil omlag 4 personar treng du:

Del 1:

  • 1 høne
  • ca 3 liter vatn
  • 2 gulrot
  • 1 løk
  • 2 vårløk (eller 1/2 purre) (kan sløyfast)
  • 7-8 pepperkorn
  • 1-2 ts salt
  • 1 ts eplecidereddik (kan sløyfast)
  • 1 laurbærblad (kan sløyfast)

Del 2:

  • 800 g lapskausblanding (eller ferske grønnsaker)
  • 4 poteter
  • 1 ts timian
  • 2 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl
  • 3 dl mjølk

hønsekraftSlik gjer du:

Del 1:

  1. Ha høna i ei stor gryte saman med grovhakka grønsaker og resten av ingrediensane i del 1. Pass på at alt er dekka med vatn.
  2. Kok opp og bruk ei holause eller ei skei og skum av/fjern rusket som legg seg på toppen.
  3. La høna trekke i 2-3 timar til kjøtet slepp beinet. (Med ei frosen høne på 2,8 kg tok det nesten 3 timar hjå meg).
  4. Løft ut høna frå krafta og la den kolne før du brukar fingrane og reinskar den for kjøt og deler dette i terningar.
  5. Sil krafta og mål opp 6-7 dl. Resten av krafta kokar du inn og har i små porsjonsformer og legg i frysaren. Då har du den flottaste krafta å bruke til supper framover. Om du vil ha litt midre feitt i krafta let du den avkjøle litt og fjernar så litt av feittlaget som legg seg på toppen.

hønsefrikassèDel 2:

  1. Ha den oppmålte krafta i ei kasserolle, kok opp og ha i grønsakene. La småkoke til grønsakene er møre.
  2. I ei lita kasserolle smeltar du smør og rører inn kveitemjølet. Spe med litt og litt av mjølka og rør kraftig mellom kvar gong til du har ein fin kvit saus.
  3. Ha 400-500 g av kjøtet i kasserolla med grønsakene og rør også inn den kvite sausen.
  4. Krydre med timian og smak til med salt og peppar.
  5. Servér med det samme, gjerne med godt brød til.
hønsefrikasse

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!