Vekemeny 8

Søndag og vinterferien er her! Yey! Genial oppfinning å ha ferie midt i semesteret. Ei ferieveke som plutseleg blei aktuell igjen når det kom skuleborn i heimen, og fytti så kjekk den er. Litt logistikkproblem av og til, men perfekt med ei pause frå skule og ettermiddagsaktivitetar. Litt rolegare dagar, og moglegheit for å reise på tur midtvinters slik vi gjer i år.

Vekemeny 8

Ha ei fin veke, og meld deg gjerne på nyheitsbrevet nederst på sida her. Då får du oppdatering to gongar i månaden med siste nytt frå bloggen.

Mandag

lasagne med fetaost

Vegetarlasagne med omnsbakte rotgrønsaker og fetaost

Denne vegetarlasagnen har eg hatt i bakhovudet lenge, og den passar perfekt å lage no når det er så mykje gode rotgrønsaker i sesong! Omnsbakte rotgrønsaker er så søtt og… Fortsett å les »

Tysdag

torsk pizzasaus

Torsk i tomatsaus

Torsk i tomatsaus har smakar som minner om Bacalao, men har fersk torsk i staden for klippfisk. Skilnadane er fleire, men likheita i smak gjer at denne er populær å… Fortsett å les »

Onsdag

rekesuppe

Rekesuppe

Rekesuppe er absolutt best med reker som du reinskar sjølv, og det gjer du lett medan grønsakene kokar seg møre. Med god buljong i botnen får du gode smakar, som… Fortsett å les »

Torsdag

kyllingform med cashewnøtter

Kyllingform med cashewnøtter

Ovnsbakt kyllingform med cashewnøtter kan like gjerne serverast til fest som på ein kvardag. Deilige krydder blanda med grønsaker, kylling og bacon er lett å like og smakar som ein… Fortsett å les »

Fredag

Kvit pizza med spekeskinke og parmesan

Kvit pizza med spekeskinke og parmesan er nydeleg godt og ei fin løysing når du ikkje har pizzasaus let tilgjengeleg. Nokre skeier creme fraiche gjer underverker og saman med salt… Fortsett å les »

Laurdag

grillspyd satay

Satayspyd

   Satayspyd er nydeleg, og tilgjengeleg stor sett over alt i Asia. Det finnast mange versjonar av den, og etter prøving og feiling har vi no funne det vi synest er… Fortsett å les »

Søndag

Lammeskank

Lammeskank i curry

Lammeskank er blitt skikkeleg populær mat, og det er ikkje rart når maten nær lagar seg sjølv. Du treng berre tid og med denne oppskrifta: krydder! Mykje krydder. Curry er… Fortsett å les »

Noko godt

brødvaffel

Brødvaffel

Brødvaffel har blitt ein populær vaffel å servere i staden for brødskive. Denne versjonen er laga etter prinsippet i Proteinrundstykker med base av cottage cheese, havregryn og egg. Med ei… Fortsett å les »

Brødmat

langpannebrød

Langpannebrød med rug og havre

Langpannebrød er supert å ha i matpakken, og krev lite innsats. Du trykker brøddeiga utover i ei langpanne, ruter opp og steiker. Så er det berre å bryte opp til… Fortsett å les »

Vekas kake

kake eple

Eplekake

Det er eplesesong og det er omågjere å nytte seg av dei norske epla så mykje ein berre kan! Dette er ei herleg kake som fall i smak både hjå… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.