Torsk i tomatsaus

Torsk i tomatsaus har smakar som minner om Bacalao, men har fersk torsk i staden for klippfisk. Skilnadane er fleire, men likheita i smak gjer at denne er populær å setje på middagsbordet. Har du ei boks pizzasaus i frysaren kan du bruke ei eller to av desse saman med ei boks hakka tomat, og vips så har du sausen klar. Viss ikkje finn du oppskrifta under her, den er slett ikkje vanskeleg.

torsk i tomatsaus

Torsk i tomatsaus

Dersom det skal gå kjappare enn kjappast kan du dele opp fisken i terningar og ha dei rett i panna som du har laga sausen i. Legg på eit lokk og la det stå og trekke på middels varme til fisken flakar seg. Det går ikkje mange minutta med små fiskebitar! Har du 10-15 minutt meir så anbefalar eg større fiskestykker slik det står i oppskrifta. Då blir det litt lettare å forsyne seg når middagen er klar.

torsk bacalao style

 

Oppskrift på Torsk i tomatsaus

4 porsjonar / Tid: 40 min

  • 600-800 g torskefilet
  • 1 ss olivenolje
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 boks hakka tomat
  • 1 ss tomatpuré
  • 10 -12 svarte oliven
  • 1 liten raud paprika
  • 1 dl kraft eller vatn + buljong
  • 1/4 sitron
  • Salt og pepar
  • Frisk basilikum eller persille
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Del løk, paprika og kvitløk i terningar.

  3. Fres løken i olivenolje til den blir blank.

  4. Ha i kvitløk og paprika og la det surre med i 1-2 minutt før du tilset tomatpuré og hakka tomat.

  5. Bland godt, hell i kraft/vatn + buljong og kok opp. La småputre i 15 minutt, krydre med salt og pepar.

  6. Ha tomatsausen over i ei eldfast form, vend inn oliven og legg fisken i. Strø litt salt og pepar over, spesielt over fiske stykka, og set forma midt i omnen.

  7. Steik til fisken flakar seg, ca 15 minutt.

  8. Pynt med friske urter, ein skvis sitron og gjerne nokre små tomatar om du har. Håper det smakar!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.