Fisketaco med kvit fisk

Fisketaco er nydeleg godt, og ein perfekt måte å få i familien meir fisk på. Kvit fisk er mild i smaken, og med tacokrydder og tortillachips rundt er det ikkje lett å kjenne igjen dette som fisk.

Eit triks i ermet til neste tacofredag? Eller kanskje aller helst ein vanleg midtvekedag? Middagen blir alltid kjekkare når den blir servert i mange små skåler og kvar og ein kan plukke sine favorittar. 

fisketaco

Fisketaco med kvit fisk

For å lage fisketaco treng du fisk, egg, tortillachips og tacokrydder. Egget visper du saman så du kan vende fisken i det før du dekker den med knust tortillachips og tacokrydder. Høyres det kjent ut? Ja det liknar veldig på dei populære fiskepinnane med cornflakes. Same konsept, litt meir meksikansk smak.

taco med fisk

Du kan lage denne med ulike fiskeslag, her har eg brukt hyse. Med så små bitar er den gjennomsteikt på 3-5 minutt, og det gjer dette til kjapp mat. Får du nokon til å hjelpe deg å kutte grønsaker og dekke bordet er det meste av jobben gjort. 

fisketaco

Eg serverte med ein superkjapp versjon av sylta rødløk. Men har du tid kan du gjerne lage den originale versjonen i staden. Du kan sjølvsagt også servere taco med ditt favoritt tilbehør, her er det berre å trikse og mikse slik at du får det slik du likar best. Guacamole finn du oppskrift på her, eller om du vil prøve ein versjon av hummus med avokadosmak så finn du den her.

Har du raud fisk i staden for kvit seier du? Denne oppskrifta funkar fint likevel. Treng du meir inspo til korleis du kan servere tacoen? Sjekk ut denne tavla på pinterest.

Håper du fekk lyst på taco og at middagen fell i smak!

Oppskrift på Fisketaco med kvit fisk

4 porsjonar / Tid: 10-15 min

Fisketaco

  • 400 g hyse/sei/torsk eller anna kvit fisk
  • 1 ss smør eller olje
  • 1 egg
  • 1 ss tacokrydder
  • 2 dl tortillachips
  • 4-8 tortillalefser
  • 10-15 cherrytomatar
  • 1-2 avokado
  • Grøn salat
  • 1 rødløk
  • 1 sitron
  • 1 lime

Tilbehør

  • Tortillachips
  • Rømme
  • Salsa
  1. Del rødløken i tynne skiver og legg den i ei lita skål. Press sitronen og hell sitronsaft over rødløken til alt er dekka. La stå og trekkje medan du lagar klart resten.

  2. Del opp avokado og tomat.

  3. Knus tortillachips og ha i ei flat skål.

  4. Visp saman egget og ha i ei anna flat skål. Rør inn tacokrydderet.

  5. Del fisken i bitar og vend den først i krydder og eggeblandinga, og så i dei knuste tortillachipsa.

  6. Smelt smør eller varm olje i ei steikepanne og steik så fisken på eine sida og så den andre. Små bitar er fort ferdige, så når du gjer dette bør alt anna vere komt på bordet. Tips: la fisken ligge mest mogleg i ro på steikepanna, slik at den ikkje flakar seg så mykje. Det blir best resultat om du steiker ein gong på kvar side, utan å snu fisken meir enn nødvendig.

  7. Varm tortillaelfsene og servér. Topp med sitronsylta raudlauk, tomat, avokado og ein skvis lime. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.