Vekemeny 45

Ny vekemeny er klar, håper du finn noko som fristar!

I veka som var feira vi Halloween med stor suksess. Kidsa gler seg like mykje til denne dagen som til jul, og har talt ned og venta i over ein månad. Eller var det heilt sidan i fjor? Om du likar den nye tradisjonen eller ei er heilt likegyldig når ein ser gleda og forventingane til borna.

halloween mandarin
Med kostyme på seg, tusen takk og fine smil var det ei fryd å ha dørvakt i år. Når politiet i tillegg er ute i gatene og deler ut refleks til dei som manglar blir mora ekstra glad. Halloween er komen for å bli og då gjeld det å vere med å styre det til å bli noko kjekt for både små og store!

vekemeny 45

Vekemeny 45

Mandag

Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte er ein av mine favorittgryter å lage, og ei gryte som eg ofte lagar i ulike versjonar. Denne med søtpotet og linser har blitt ein gjengangar heime hjå oss,… Fortsett å les »

Tysdag

Panert torsk med steikte søtpoteter

Panert torsk med steikte søtpoteter og rømmedressing

Torsk er så fin kvardagsmiddag! Den treng ikkje mange minutta i panna før den er ferdig, og er i tillegg både sunn og god. Her i heimen blei heimelaga fiskepinnar… Fortsett å les »

Onsdag

Rask nuddelsuppe til to

Rask nuddelsuppe til to

Rask nuddelsuppe til to er enkel å lage og smakar godt. Du kan variere suppa med kva type nudlar og grønsaker du brukar og finne dine eigen favoritt. Om du… Fortsett å les »

Torsdag

fiskegrateng med erter

Fiskegrateng med erter

Fiskegrateng med erter har deilig muskatsmak frå kvit saus, er fluffy av stivpiska eggekviter og fylt med grøne, gode erter.

Fredag

pizza med artisjokk og spinat

Pizza med artisjokk og spinat

Pizza med artisjokk og spinat er aboslutt verdt å prøve om du vil ha ein ny vri på pizzaen din! Eg har brukt artisjokkhjarter frå boks, sidan det er sjeldan… Fortsett å les »

Laurdag

moroccan lamb

Marokkansk lammegryte med quinoa

Marokkanske smakar med koriander, kanel og spisskummen er spanande smakar som ikkje blir for «heitt» for nordiske ganar. Nydeleg god, og kanskje enno betre dagen etter -så denne kan du… Fortsett å les »

Søndag

beef bourguignon

Boeuf Bourguignon

Denne gryta fall så godt i smak første gong vi laga den for snart to år sidan at det har blitt ein kjær favoritt. Den gong synest eg namnet på… Fortsett å les »

Noko godt

Havrekjeks med sjokoladebitar

Dette er favorittkjeksa til eldstemann på fem og han har vore med på å lage dei sidan han var to år. Då kom nemleg oppskrifta for første gong på Trines… Fortsett å les »

Brødmat

Eltefritt rugbrød

Eltefritt rugbrød

Eltefritt rugbrød er ein grovare versjon av det nydelege eltefrie brødet. Med quinoaflak får du med alle dei gode næringsstoffa frå dette ”superfrøet”, men har du ikkje det i hus… Fortsett å les »

Vekas kake

Verdens Beste – Kvæfjordkake

Verdens Beste – Kvæfjordkake. Denne kaka treng vel neppe å bli introdusert? Den har blitt kåra til Noregs beste kake fleire gongar og går like ofte under namnet «Verdens Beste»… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.