
Eltefritt rugbrød

Eltefritt rugbrød er ein grovare versjon av det nydelege eltefrie brødet. Med quinoaflak får du med alle dei gode næringsstoffa frå dette ”superfrøet”, men har du ikkje det i hus kan det fint byttast ut med havregryn eller andre frø/kjerner.
Til 1 eltefritt rugbrød treng:
- 200 g sammalt rug fin
- 50 g quinoaflak (eller havregryn)
- 50 g (knuste) linfrø
- 300 g kveitemjøl
- 1 ts salt
- 1 ts tørrgjær
- 1 ts honning
- 4 dl lunka vatn

Slik gjer du:
- Set bakebollen på vekta, og mål opp direkte i bakebollen. Rør raskt saman, ha på lokk og set til heving i 8-10t (gjerne over natta).
- Brett deiga nokre gongar over kvarandre med ein slikkepott. Set på lokket igjen og la etterheve så lenge du har tid, eg lot det stå i 2 timar.
- Set gryta du skal bruke inn i omnen og skru på 250 grader, over og undervarme. La gryta bli god og varm.
- Strø mjøl over deiga di og vipp/skrap den over i gryta. Legg på lokket og steik i 30 min.
- Ta av lokket, skru ned til 230 grader og steik i 15 min til. Brødet er ferdig når du kan høyre ein hol lyd ved banking frå undersida.
- Avkjøl brødet på rist og vent helst ca 20 min før du skjær i det.

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.