Vekemeny 43

Det er søndag igjen (!) og påtide å planleggje den komande veka. Vekemeny 43 er den siste for oktober, og då ser det ut til at finevêret vi har hatt her heldt heile månaden. Fantastisk, og ganske sjeldan kost på for oss her i nordvest, og difor umogleg å ikkje nemne. Men ta det med ro, dette går nok raskt over, og så er vi tilbake til berre matbilder igjen;)

mot liadalsnipa

Denne veka kjem far i huset heim frå nordsjøen, og det betyr at middagane ikkje treng å vere like stramt planlagt frå neste veke av. Men fram til då må alt gå på skinner om vi skal rekke alle aktivitetar og alt vi har lyst til å få med oss på ein kort vekedag-kveld, og planlagde middagar er ein av metodane for å få til dette. Då slepp vi (som regel) unna med berre ein tur på butikken innimellom slaga og får meir tid til kjekkare ting.

vekemeny 43

På vekemenyen finn du som vanleg enkle, raske og gode middagar som skulle passe for dei fleste. Du finn både vegetar, fisk, fugl, kjøt og noko godt til helga. Brukar du ei oppskrift frå bloggen blir eg strålande blid om du legg igjen eit lite spor eller sender eit vink anten på facebook, instagram eller snap.

20161022-2016-10-22-17-52-25

Eg må også få takke alle dykk som nominerte kvardagsmat til å bli Årets Matblogg tidlegare i haust, sjølv om bloggen ikkje nådde opp til å bli ein av finalistane i år. Det blir spanande å følgje med kven som stikk av med den gjeve seieren, her er det rådyktige matbloggarar som er i teten!

20161022-2016-10-22-18-08-43

Ha ei strålande veke!
Og om nokon lurte: dei to øvste bileta er på veg til Rjåneskamben, og dei to nedste er frå Sledalen.

 

Mandag

oppskrift falafel

Falafel med paprikasmak

Falafel er så godt -og så enkelt å lage! Det er berre å bli kjent med denne deilige fastfoodretten frå midtausten og ta den inn på ditt kjøkken med det… Fortsett å les »

Tysdag

fiskegrateng med kokosmjølk og blomkål

Fiskegrateng med kokosmjølk og blomkål

Å du hildrande fiskegrateng! Kan ein få betre kvardagsmiddag? Og kan fisk bli lettare å like for små og store? Nei, seier eg -og er jublande glad over å ha… Fortsett å les »

Onsdag

gode kjøttkaker

Kjøttkaker i brun saus

Kjøttkaker i brun saus er tradisjonsmat på sitt beste, og vel verdt å ta fram igjen frå minneboka. Kjøttkaker er faktisk så enkel å lage at det høver fint på… Fortsett å les »

Torsdag

grill fisk torsk

Fiskepakke med torsk og grønsaker

Fiskepakke med torsk og grønsaker er digg mat å ete ute og er kjapp mat å lage på grillen. Middagen er ferdig på 20 minutt, og det gjer at du… Fortsett å les »

Fredag

meksikansk gryte

Meksikansk gryte

Meksikansk gryte var maten vi alltid fekk servert på øvinghelg og andre samlingar i mi tidlegare korps-karriere. Eller karriere og karriere, det var kanskje å overdrive – men maten var… Fortsett å les »

Laurdag

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Kylling, feta og soltørka tomat høyrer godt i lag. I denne oppskrifta er kyllingbrystet fyllt med desse deilige smakane og grilla. Det blir saftig, godt og nydeleg salt smak av… Fortsett å les »

Søndag

heilsteikt kylling

Helstekt kylling

Helstekt kylling er perfekt søndagsmiddag. Den krev nesten ingen førebuing, og treng berre god tid i omnen for å bli perfekt. Etter å ha lese fleire plassar at det er… Fortsett å les »

Noko godt

frokostvafler

Vafler med potetmjøl

Samarbeid med Hoff-potetmjøl Vafler med potetmjøl er sprøtt og godt, og funkar både med grove vafler og med fine vafler. Eg har utvikla to versjonar til Hoff, ein lys og… Fortsett å les »

Vekas brødmat

horn med ost og skinke

Horn med ost og skinke

Horn med ost og skinke er genial turmat å ha med i sekken og funkar både som frukost, lusj og kvelds. Du kan velje om du vil fylle alle med… Fortsett å les »

Vekas kake

bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær er fløyelsmjuk ostekake som verkeleg er ein høydare på eit kvart kakebord. Med blåbær gøymt inne i kaka og på toppen blir det i tillegg knallfarge!… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.