Vekemeny 46
Vekemeny 46 er klar og vi er allereie godt i gong med november! Det er berre å tenne lys og prøve å nyte mørketida det ein kan. Alternativet funkar ikkje, mørketida kjem anten ein vil eller ikkje. Tende lys på kontorpulten gjer mykje for trivselen!
Håper du har hatt ei fin helg og er klar for å planlegge den komande veka. Følg meg gjerne på Instagram for tips i kvardagen!
Vekemeny 46
Mandag
Potetsalat med pesto
Potetsalat med pesto smakar nydeleg og held seg lun heilt fram til grillmaten er klar. Potetene har jo den gode eigenskapen at dei held på varmen lenge etter at kokevatnet… Fortsett å les »
Tysdag
Kjøttkaker i brun saus
Kjøttkaker i brun saus er tradisjonsmat på sitt beste, og vel verdt å ta fram igjen frå minneboka. Kjøttkaker er faktisk så enkel å lage at det høver fint på… Fortsett å les »
Onsdag
Søtpotetsuppe med paprika
Søtpotetsuppe med paprika er deilig varmande og god suppe for heile familien. Søtpotet gir ei suppe med nydeleg farge og deilig smak. Med litt currypaste blir det futt i suppa,… Fortsett å les »
Torsdag
Baconsurra kylling med krema pasta
Baconsurra kylling med krema pasta er ein av desse deilige kvardagsmiddagane som er raske å lage og lette å like. Her er det berre å steike kyllingen, eller grille… Fortsett å les »
Fredag
Tortilla med laks, avokado og spicy dressing
Tortilla med laks, avokado og spicy dressing er laga på under tretti minutt og er difor perfekt til rask middag ein heilt vanleg kvardag -men faktisk god nok til å… Fortsett å les »
Laurdag
Quinoapizza med spekeskinke, kantarell og pinjekjerner
Deilig, crisp pizzabotn laga av superfrøet quinoa som er kalla «Inkaens gull» på grunn av det høge næringsinnhaldet. Frøet er svært proteinrikt og er proppa med mineral, og då blei pizza med… Fortsett å les »
Søndag
Chili con carne
Denne gryta serverte eg til «barseljentene» sist vi møttes. Ei gryte som er enkel å lage men som kan stå og putre og berre blir betre dess lenger tid den… Fortsett å les »
Noko godt
Granolabar
Granolabar er enkelt å lage heime og er perfekt å ha med i veska eller i sekken når du treng eit lite påfyll på vegen. Denne er søta med peanøttsmør,… Fortsett å les »
Brødmat
Grove Pinnebrød
Grove pinnebrød har havregryn og speltmjøl i staden for kveitemjøl, og smakar nydeleg etter nokre minutt over bålet. Utemat og bålkos på sitt beste! Denne helga vart alle planar skrinlagde… Fortsett å les »
Vekas kake
Flettekrans med eplemos og kanel
Flettekrans med eplemos og kanel smakar nydeleg søtt og godt, og er gjærbakst på sitt aller beste. Med denne på bordet kan du lett glede dei rundt deg, både til… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.