Quinoapizza med spekeskinke, kantarell og pinjekjerner

Deilig, crisp pizzabotn laga av superfrøet quinoa som er kalla «Inkaens gull» på grunn av det høge næringsinnhaldet. Frøet er svært proteinrikt og er proppa med mineral, og då blei pizza med eit supermat!

quinoapizza med spekeskinke, kantarell og pinjekjerner

Quinoaen må bløytleggast i minimum åtte timar, men det går heilt fint å la den ligge lenger. Her i heimen har pizzaplanane blitt endra og bløytlegginga blitt forlenga både ein og to dagar utan at nokon har merka noko av det.

Vi toppa pizzaen med kantarell, sidan skogen er full av den akkurat no -og sidan smaken er så himla god. Men er du ikkje like kantarellfrelst kan du enkelt skippe den og pizzaen blir knakandes god likevel!

Har du ikkje laga pizzbotn av quinoa før og er usikker på korleis det heile skal gjerast? Fortvil ikkje, eg har laga steg for steg i bileter, så ser du kor enkelt det er. Enjoy!

bløtlegge quinoa quinoapizza quinoapizza pizzabunn av quinoa pizzabunn quinoa

Så er det berre å toppe med det du har lyst på og la osten smelte før den sunne og gode pizzaen kan serverast. Er du i humør til å lage fleire botnar kan du gjerne lage opp ein batch og så fryse ned for seinare høve. Det er jo alltid digg å ha heimelaga «ferdigmat» liggande!

Vil du fryse den så steiker du botnen og avkjøler den så heilt før du pakkar den i plast og legg den i frysaren. Ein stor ziplockpose passar bra! Lukke til.

quinoapizza med spekeskinke, kantarell og pinjekjerner

Pizzabotnen er inspirert av denne oppskrifta.

Oppskrift på Quinoapizza med spekeskinke, kantarell og pinjekjerner

2 porsjonar / Tid: 40 min (+ 8 t bløytlegging)

Quinoabotn

  • 200 g quinoa
  • 1 ss eplecidereddik
  • 1 ts basilikum
  • 1 ts oregano
  • 1 klype chilipulver
  • 1/2 ts salt

Topping

  • 3 ss creme fraiche
  • 1 fedd kvitløk
  • 8 skiver spekeskinke
  • 8-10 kantarell
  • 1-2 ss pinjekjerner
  • 1 dl riven mozzarellaost
  • 1 neve frisk timian/oregano
  1. Legg quinoa i bløyt over natta, eller i minst 8 timar. La vatnet gå ca 1 cm over quinoafrøa.

  2. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  3. Skyl quinoafrøa i eit dørslag til det sluttar å skumme, og la frøa renne godt av seg.

  4. Ha alt til quinoabotnen i ei matmølle (foodprosessor) og kjør til du har ei ganske glatt masse.

  5. Stryk massen uttover eit bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i 15-20 min, til botnen såvidt byrjar å bli brent i kanten. Ha så på toppingen.

  6. Press kvitløk og bland saman med creme fraiche og stryk dette uttover pizzabotnen.

  7. Ha over spekeskinke, kantarell og mozzarellaost

  8. Steik pizzaen til osten er gyllen, bruk gjerne grillelement i steikeomnen om du har.

  9. Rist pinjekjerner i ei steikepanne slik at dei blir gylne og strø over pizzaen saman med friske urter før servering.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.