Reklame

Potetsalat med pesto

Potetsalat med pesto smakar nydeleg og held seg lun heilt fram til grillmaten er klar. Potetene har jo den gode eigenskapen at dei held på varmen lenge etter at kokevatnet er avsilt. Glimrande når ein vil ha ein lun potetsalat med gode smakar på bordet.

potetsalat med pesto Pesto er ein av mine favorittar, både på brødskiva, knekkebrød eller i pastasalat. Då seier det seg kanskje sjølv at den også passar godt i potetsalat? Her har eg laga potetsalat med pesto i si reinaste form. Om du vil ha den litt mildare og meir krema kan du røre inn litt rømme eller creme fraiche. Det er også veldig godt!

potetsalat med pesto
Eg synest det er best å bruke småpoteter med tynt skal, slik at skalet kan sitte på. Om du ikkje har det i grønsakskuffen din akkurat i dag kan du sjølvsagt nytte andre poteter og skrelle dei på vanleg måte. Skal det går kjapt er det smart å dele opp potetene i terningar før du kokar dei. Då halverar du koketida.

Håper potetsalaten fell i smak!

Oppskrift på Potetsalat med pesto

4 porsjonar / Tid: 30-60 min

  • 1 kg småpoteter
  • 1 glas Helios grøn pesto
  • 150 g grøne erter
  • 2 ss pinjekjerner
  • salt og pepar
  1. Kok potetene møre. Dei største kan du dele i to, dei minste er fine som dei er. Hell av kokevatnet og la dampe tørre og avkjøle til dei er lunka.

  2. Kok opp ei lita kasserolle med vatn, ha i dei frosne ertene og la trekke i 2-3 minutt til dei er varme. Hell av kokevatnet.

  3. Rist pinjekjernene ved å steike dei i ei tørr steikepanne til dei er lett bruna.

  4. Bland poteter, erter og pesto.

  5. Strø pinjekjerner over.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.