Flettekrans med eplemos og kanel

Flettekrans med eplemos og kanel smakar nydeleg søtt og godt, og er gjærbakst på sitt aller beste. Med denne på bordet kan du lett glede dei rundt deg, både til kvardags og til fest. Eplemosen er søt og god og gir ekstra klissete og digg smak på den fine fletta. Saman med kanel blir dette ein luksusversjon av kanelsnurrane.

Flettekrans med eplemos og kanel

flettekrans med eplemos og kanel flettekrans med eplemos og kanel

Gjærbakst er aller best når det er nybakt, og lukta som spreier seg i huset er nesten grunn nok i seg sjølv til å gå i gong å bake. Det luktar himmelsk! Eg pynta kransen med perlesukker, av den typen som ein må til Sverige for å finne. Der har dei den kritkvite typen som ser så ekstra god ut. Har du ikkje det i skapet kan du nytte vanleg perlesukker eller flaka mandlar, det er også veldig godt.

gjærbakst eplemos

Før baksten skal serverast kan du gjerne stryke på litt ekstra eplemos på toppen, for ekstra god smak. Det ser i tillegg lekkert ut. Håper du blei freista til å bake du også!

 

 

Oppskrift på Flettekrans med eplemos og kanel

6-8 porsjonar / Tid: 3 t

  • 5 dl H-mjølk
  • 150 g sukker
  • 1 ts kardemomme
  • 1 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 egg
  • 150 g smør
  • 900 g kveitemjøl + litt ekstra
  • 1 glass eplemos
  • 1 eple (kan sløyfast)
  • 2-3 ss kanel
  • 1 egg til pensling
  • 2-3 ss perlesukker til pynt
  1. Varm mjølka til ho er fingervarm. Ha den i ein bakebolle og tilset sukker, kardemomme, gjær, salt, egg og kveitemjøl.

  2. Elt saman i 5-10 minutt til du har ei jamn deig.

  3. Del smøret i terningar og ha det i bakebollen, elt vidare i 5-10 minutt til du har ei jamn deig igjen.

  4. Dekk til bakebollen og la deiga heve i 1 time, til den har blitt nær dobbel så stor.

  5. Bruk godt med mjøl på bakebordet og kjevle ut eit retangel på 80 x 40 cm.

  6. Stryk utover eit jamt lag med eplemos og fordel kanelen over. Skrell og del eplet i små terningar og strø dette over.

  7. Rull saman deiga, som ei rullekake, og splitt så rullen på langs ved hjelp av ein skarp kniv. La deiga hengje saman ca 5 cm på eine sida, og flett så dei to delane saman frå denne sida. Det er lettast om du flettar saman medan du flyttar deiga over på eit bakepapir, for etter at kransen er klar er det ikkje så lett å få til.

  8. Dekk til kransen med eit klede og la etterheve i 30 min.

  9. Pensle kransen med eit samanvispa egg og strø over perlesukker.

  10. Steik kransen midt i omnen på 200 grader over- og undervarme til den er gyllen under. Dette tek ca 30 minutt.

  11. Avkjøl kransen på ei rist og vent minst 15-20 minutt før du deler den i stykker.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.