Vekemeny 22
Sommaren kom brått på besøk og då kom lysta til å lage is, grille kvar dag og diske opp med digg drikke. Kidsa har allereie laga milkshake etter å ha lært mengdemål på skulen. Det blei knakande god milkshake, akkurat slik vi laga då vi vår små. Det enkle er ofte det beste; sjokoladepulver, is og mjølk gjer susen.
I tillegg til å drikke milkshaken fylde vi den også over i isformer og kunne servere milkshake-ispinne dagen etter. Korleis den smakte kan eg ikkje svare for. Men dei forsvann i allefall, alle som ein!
Følg med på bloggen framover, det kjem nok meir av slikt på nettet også og ikkje berre på kjøkkenet vårt;)
Ha ei fin veke!
Vekemeny 22
Mandag
Potetsalat med pesto
Potetsalat med pesto smakar nydeleg og held seg lun heilt fram til grillmaten er klar. Potetene har jo den gode eigenskapen at dei held på varmen lenge etter at kokevatnet… Fortsett å les »
Tysdag
Panerte karbonader med muskatsaus
Panerte karbonader med muskatsaus er perfekt kvardagsmiddag som er laga og klar til servering på 30 minutt. Pass på at du får potetene på kok først, det er dei som… Fortsett å les »
Onsdag
Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon
Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon smakar godt og er fin på farge. Grønt er kult! Med sprøsteikt bacon på toppen og fløyte i suppa er dette luksusversjonen av grønsaksuppa. Krema,… Fortsett å les »
Torsdag
Pasta med pesto, bacon og avokado
Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Grønt er godt! Med sprøsteikt bacon og milde avokadobitar innimellom blir dette ein digg… Fortsett å les »
Fredag
Kylling satay og peanøttsaus
Kylling satay og peanøttsaus var alltid safe å velje frå menyen uansett kvar vi skulle ete det året vi tilbrakte i Asia. Dette er ein rett som det finnast veldig… Fortsett å les »
Laurdag
Kyllingform med cashewnøtter
Ovnsbakt kyllingform med cashewnøtter kan like gjerne serverast til fest som på ein kvardag. Deilige krydder blanda med grønsaker, kylling og bacon er lett å like og smakar som ein… Fortsett å les »
Søndag
Grilla hamburger
Heimelaga hamburger er ujålete og finfin mat å servere neste gong du grillar. Har du i tillegg vore lur og laga hamburgerbrøda på førehand, slik at dei berre kan tinast… Fortsett å les »
Noko godt
Ekte hummus
Ekte hummus krev litt planlegging. Når du først har klart å tenkje ut at du vil ha hummus eit døgn før du kan ete det er mykje av jobben gjort…. Fortsett å les »
Brødmat
Matpakkerundstykker med loppefrø
Matpakkerundstykker med loppefrø er glutenfrie rundstykker som smakar godt og gjer godt for magen. Loppefrø har vore kjent som vidundermiddel mot mage og tarmsystem i lange tider, og er enkelt… Fortsett å les »
Vekas kake
Iskake med nonstop
Iskake med nonstop er enkel og rask å lage og fantastisk god. Du treng ikkje ismaskin, faktisk berre ein handmiksar og ein frysar. Denne isen fekk eg oppskrift av frå… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.