TACO-pizza
Botn:
- 2,5dl vatn
- 300g kveitemjøl (ca 5-6 dl)
- ½ pk tørrgjær
- 1ts salt
- 2ss olivenolje
Topping:
- 1 boks pizzasaus
- 200g karbonadedeig med tacokrydder
- ½ rødløk
- 8-10 cherrytomatar
- 12-15 nachochips
- riven ost
- (evt jalapeno)
- Lag deig til pizzabotn ved å elte saman ingrediensane anten for hand eller ved hjelp av kjøkkenmaskin. Dekk med plast og set til heving så lenge du har tid, alt frå 1/2t til 2t.
- Steik karbonadedeiga med tacokrydder.
- Set eit steikebrett inn i omnen (eller bruk pizzastein om du har), og skru opp på 250 grader.
- Ha mjøl på eit bakepapir. Skrap pizzadeiga over på papiret, ha godt med mjøl på hendene og trykk den utover.
- Smør utover pizzafyll. Ha over karbonadedeig, rødløk i båtar, cherrytomatar delt i to, nachochips og riven ost. Ha over jalapeno om du vil ha den hot.
- Senk temperaturen til 230 grader, og dra bakepapiret med pizzaen på over på det varme steikebrettet. Steik til pizzadeiga slepp bakepapiret, ca 10-15min.
Server gjerne med ruccola, rømme og salsa:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.