Spicy kyllinggryte
Denne gryta er rett og slett ein variant av denne gode spicy kyllingsuppa med kokosmjølk og karri. Utan å jamne den til ei glatt suppe med stavmiksar endar du opp med denne varianten, som er meir som ei gryte. Servér gjerne heimelaga nanbrød og ris til.
Til 3-4 personar treng du:
- 300-400 g kylling
- 1-2 raud paprika
- 2 poteter
- 1 løk
- 1 gulrot
- 2-3 fedd kvitløk
- ca 5 dl kyllingkraft eller kyllingbuljong + vatn
- 400 g kokosmjølk
- 2-3 ts raud karripasta (red curry paste)
- 1 ts sambal oelek (chili paste)
- 1-2 vårløk
- salt og peppar
- frisk koriander til pynt
Slik gjer du:
- Del kyllingen i bitar og fres dei i litt nøytral olje (kokosolje/solsikkeolje) i ei steikepanne. Set til side.
- Del løk, vårløk, paprika, gulrot og potet i terningar. Finhakk kvitløk. Fres alle grønsakene i litt olje til løken er blank i gryta du skal lage suppa i.
- Ha i karripasta og chilipasta og bland godt.
- Hell over kyllingkrafta. Kok opp og la småkoke i ca 10 min.
- Tilset kokosmjølka, bland den godt inn.
- Ha i kyllingen og la den trekke nokre minutt.
- Strø frisk koriander over og servèr:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.