Spicy kyllingsuppe

 

spicy kyllingsuppe

Denne suppa er ein heitare og meir spicy variant av lesarfavoritten kyllingsuppe med nanbrød. Kokosmjølk og spicy karri er kjempegodt i lag, og at det brenn litt på tunga gjer berre denne retten enda betre spør du meg. Enkelt å lage på ein kvardag eller fin å servere når du skal ha gjestar og vil bruke tid på noko anna enn å henge over grytene i timane før. Vil du imponere lagar du heimelaga nanbrød (eller hentar dei frå frysaren om du har vore smart og laga dei på førehand). Suppa er fin som den er åleine, eller kan serverast saman med salat og ris,

Til 3-4 personar treng du:

  • 300-400 g kylling
  • 1-2 raud paprika
  • 2 poteter
  • 1 løk
  • 1 gulrot
  • 2-3 fedd kvitløk
  • ca 5 dl kyllingkraft eller kyllingbuljong + vatn
  • 400 g kokosmjølk
  • 2-3 ts raud karripasta (red curry paste)
  • 1 ts sambal oelek (chili paste)
  • 1-2 vårløk
  • salt og peppar
  • frisk koriander til pynt
kyllingsuppe med kokosmelk

 

Slik gjer du:

  1. Del kyllingen i bitar og fres dei i litt nøytral olje (kokosolje/solsikkeolje) i ei steikepanne. Set til side.
  2. Del løk, vårløk, paprika, gulrot og potet i terningar. Finhakk kvitløk. Fres alle grønsakene i litt olje til løken er blank i gryta du skal lage suppa i.
  3. Ha i karripasta og chilipasta og bland godt.
  4. Hell over kyllingkrafta. Kok opp og la småkoke i ca 10 min.
  5. Tilset kokosmjølka, bland den godt inn.
  6. Kjør alt glatt med ein stavmiksar.
  7. Ha i kyllingen og la den trekke nokre minutt.
  8. Strø frisk koriander over og servèr:)

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.