Reklame
Vegetariske sommarrullar med peanøttsaus
Vegetariske sommarrullar med peanøttsaus er mat som er friskt og godt å ete og kjapt å lage. Peanøttsausen som skal vere til er enkel å lage, og det einaste eksotiske du treng er hoisinsaus. Det finn du større matbutikkar eller i Asiabutikken på hjørnet. Med ei flaske ståande i kjøleskapet kan du enkelt røre saman sausen og servere digge sommarrullar til lunsj, middag eller kvelds.
Peanøttsausen held seg forresten godt nokre dagar i kjøleskapet, og kan lett brukast saman med satayspyd som du finn oppskrift på her og her. Eit ekstra tips er å tilsette litt Sriracha (chilisaus) eller chilipulver viss du vil ha litt futt i sausen.
Vegetariske sommarrullar med peanøttsaus
I tillegg til hoisinsaus er det risark og risnudlar som kanskje ikkje finnast på den minste matbutikken. Det finn du også på større matbutikkar og på Asia-butikken. Haldbarheita er lang på desse produkta, så kjøp med deg neste gong du ser det og ha det klart i kjøkkenskapet.
Då eg var på matkurs i Hoi An i Vietnam var det nettopp sommarrullar som var min rett å lage. Og trikset er som følger: bruk friske urter. Mykje friske urter. I denne oppskrifta har eg brukt koriander, men du kan gjerne blande inn både basilikum og mynte for ekstra smak. Jo fleire jo bedre var kursleiaren si oppfordring.
Då håper eg du fekk lyst til å lage freshe sommarrullar! Her er oppskrifta:
Oppskrift på Vegetariske sommarrullar med peanøttsaus
Sommarrullar
- 1 pakke risark
- 1 gulrot
- 1/3 agurk
- 1/4 raud paprika
- 1/4 gul paprika
- 1 potte frisk koriander
- 2-3 dl ruccola
- 1 pakke risnudlar
Peanøttsaus
- 2 ss Helios peanøttsmør
- 3 ss hoisinsaus
- 1 fedd kvitløk
- 1 cm ingefærrot
- Saft frå 1 lime
- ca 2 dl vatn
Legg risnudlane i ein bolle og hell kokande vatn over. La trekke i 5-7 minutt før du hell av vatnet og skyl nudlane i kaldt vatn gjennom eit dørslag. (Eller følg instruksjonane på pakken)
Lag peanøttsausen medan nudlane blir ferdige. Finhakk kvitløk og ingefærrot og ha i ein kasserolle saman med peanøttsmør og hoisinsaus. Varm opp og spe med vatn litt etter litt, til du får passe konsistens på sausen. Trekk kasserollen vekk frå varmen og rør inn limesaft. Ha over i ei skål.
Klargjer grønsakene ved å dele dei i tynne strimlar. Vask og tørk ruccolaen.
Lag sommarrullane ved å dyppe risarket i vatn, eller skylle det under rennande vatn på begge sider. Legg arket på skjærefjøla og legg på risnudlar, grønsaker, koriander og ruccola. Brett inn først nederst, så på begge sider og rull saman. Teknikken kjem etter kvart, og det løner seg å brette litt kjapt.
Server sommarullane med det same, dyppa i nydeleg peanøttsaus. Mmmm!
Dette blogginnlegget er reklame for Helios
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.