Matkurs i Asia

market hoi an

Marked i Hoi An, Vietnam

Det siste året har eg fått med meg to ulike matkurs i Asia, og sidan fleire har spurt om litt diverse etter å ha sett bilete på instagram, tenkte eg at eg kunne dele litt kort om mine opplevingar på begge to. Desse kursa er ikkje sponsa på nokon måte og har hatt ein pris på 500-600 kr.

Begge kursa ordna transport til og frå, og hadde omvisning på marknad først.

Vietnam

I Hoi An var det ei kjempe søt dame som heldt kurs heime hjå seg. Ho var gift med ein svenske, og hadde budd i Sverige i ti år, så ho kunne lett omsetje til svorsk om noko var uklart. På dette kurset var vi 7 stk den dagen eg var med, med ei blanding av turistar frå Amerika, Australia, Danmark og Norge, der fleire hadde foreldre som opprinneleg kom frå Vietnam. Det gjorde det heile ekstra spesielt, sidan dei hadde fått servert denne typen mat heime, og kunne fortelje historier om det.

tørrmarked vietnam

Tørrvarer, Hoi An

wet market hoi an

Fiskemarked i Hoi An

Dagen starta med at vi gjekk på matmarked i lag. Alle hadde fått velje ein rett kvar som ein ville lære å lage, og vi handla ingrediensane til desse rettane. Vi var innom tørrmarked, frukt og grønt, fiskemarkedet heilt nede ved elvekanten og kjøtmarkedet. Så mykje spanande å sjå og oppleve, og ekstra stas med ein eigen guide som kunne fortelje om rare frukter, grønsaker og ulik sjømat.

bamboo cooking school

Matlaging rundt kjøkkenøya

vårrullar

Frittering av vårrullar

Vel heime på kjøkkenet til Van laga vi mat rundt ei stor kjøkkenøy, og fekk dermed sjå og lære korleis ein laga rettane som dei andre hadde valgt. Samtidig laga vi kvar vår rett, eg laga vietnamesiske sommarrullar, under kyndig rettleiing frå Van og medhjelparane hennar. Det var veldig sosialt og lett å bli kjent med dei ein stod og jobba saman med på denne måten, og det blei ein uformell og kjekk dag der det blei delt mange gode tips om Vietnam og landa rundt, og vi fekk smake og ete mykje god mat.

matkurs aisa

Mykje bruk av friske urter og krydder

Kuala Lumpur

Matkurset i KL var ein av dei aktivitetane eg hadde på lista frå den dagen vi flytta ned, men som eg aldri fekk prioritert. Men så deltok ein av naboane mine der nede, og det var vel akkurat det sparket eg trengde bak for å melde meg på! Så ei av dei siste vekene vi budde der fekk eg endeleg lært å lage litt ekte malaysisk mat på denne skulen her.

marked kuala lumpur

Ein av mange butikkar inne på markedet

Opplegget var ganske likt som i Vietnam, men i staden for å handle på markedet fekk eg omvisning. Legg merke til at eg skriv eg og ikkje vi… Eg var nemleg einaste deltakar denne dagen, men det var berre stas!

Det var omvsining, og ikkje handling, sidan markedet opnar før soloppgong. Dermed var det fleire av kjøt og fiskehandlarane som gjorde seg klare til å stenge då vi kom, og sjølv om eg synest at utvalet var fantastisk, var dette berre restane som låg igjen i følgje guiden min. Difor hadde Sue som hadde ansvar på kjøkkenet allereie handla tidlegare på dag.

Etter å ha blitt vist rundt og fått lært mykje både om råvarer, kultur og mattradisjonar bar det vidare til skulen som låg litt for seg sjølv heilt inntil jungelen. Det var fantastisk å kome så vekk frå storbyen, men likevel vere så nær. Kjøkkenet var halvvegs utandørs, men i skugge, og litt opp frå bakken.

lazy cooking school

Sue i gang med å lage chilipasta

peanøttsaus

Alt klart til å lage peanøttsaus

Ein annan skilnad frå Vietnam var at rettane var fastsette av skulen, med ein spesiell meny for kvar dag. Eg var med på ein mandag, som var vegetarmeny. Då fekk eg lære å lage fire nydelege vegetar-rettar saman med Sue, og best av alt: ta med restane heim;)

pinapple curry

Pineapple Curry

Begge matkursa var ei flott oppleving, og det er utruleg kjekt å lage mat saman med nokon og lære nye teknikkar og triks. Når ein i tillegg får lære om tradisjonar og kultur i same slengen, synest eg at dette blir ein fin-fin måte å lære om landet du reiser i, og eg vil absolutt anbefale matkurs vidare til andre! Håper du blei litt inspirert og melder deg på eit kurs på ditt neste reisemål!

Har du hatt ei fin oppleving på eit kurs ein stad i verda vil eg gjerne høyre! Legg gjerne igjen ein kommentar under:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!