Vekemeny 20
Så var det klart for årets 17.mai veke! Vi kryssar fingrane for at vermeldinga held stand, og at det blir strålande sol på festdagen. Fram til då treng ein kvardagsmiddagar og på sjølve festdagen noko ekstra godt å servere.
Fekk du med deg at Norli køyrer kampanje på kokeboka no?
Klikk her for å kjøpe boka med 50 % rabatt!
Ha ei fin fest-veke!
Mandag
Brokkolisalat med druer
Brokkolisalat med druer er knasande sprø og digg å setje på bordet på ein sommarfest. Med friske og søte druer blir dette ein versjon som har det beste frå brokkolisalat… Fortsett å les »
Tysdag
Garam masala kylling
Garam masala er ei form for curry, der garam er hindi for varm og masala tyder blanding. Ei varm blanding i munnen når du et. Bortsett frå det kan ei… Fortsett å les »
Onsdag
Tomatsuppe med squash
Etter ei lang juleveke ligg det som regel igjen noko i kjøleskapet som ein ikkje rakk å bruke likevel. Litt løk, litt vatn med buljong/kraft og dei grønnsakene du har… Fortsett å les »
Torsdag
Nachos med torsk
Nachos med torsk høyres kanskje noko rart ut, men dette må du prøve! Fisken er krydra med tacokrydder, og rundt bordet fann ein raskt ut at det likna kylling. Kvit… Fortsett å les »
Fredag
Butterdeigpizza med ramsløkpesto
Butterdeigpizza med ramsløkpesto blei etterspurt då eg delte bilete på instastory førre veke. Og eg er som regel ikkje vanskeleg å be, så her får de oppskrifta. Dette er perfekt… Fortsett å les »
Laurdag
Grilla kyllingwrap med tzatziki
Grilla kyllingwrap med tzatziki Til to porsjonar treng du: Ca 300 g kyllingfilet 2 tortillalefser 1 hjertesalat 1 neve ruccola 1 tomat 1 avocado ½ raud paprika ¼ rødløk paprikakrydder… Fortsett å les »
Søndag
Grilla laks med spicy mango
Eg fekk nyleg ein flunkande fersk vill-laks frå ein ivrig laksefiskar-svoger! Sånt er jo fantastisk kjekt for ein hobby-matbloggar som meg, og gjer det ekstra stas å lage middag. Ved… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Pizzabrød
Pizzabrødet er ein variant av det flotte stablebrødet. Dette er eit flott alternativ til focaccia, og ser fantastisk ut på bordet med pizzamarmoreringa inni. Lett å like og fin å… Fortsett å les »
Noko godt
Bollefocaccia
Vel heime i huset vårt skulle vi lage gutane sin favoritt: kanelsnurr. Men undervegs oppdaga vi at vi ikkje hadde pakka ut kjevlet… For å sleppe å leite i ei… Fortsett å les »
Vekas kake
Bringebærkrem på mandelbotn
Bringebærkrem på mandelbotn er ei flott kake å setje på kakebordet, og med sin freshe rosa farge skil den seg litt frå dei fleste andre kaker. Mandelbotnen er perfekt å… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.