Nachos med torsk

Nachos med torsk høyres kanskje noko rart ut, men dette må du prøve! Fisken er krydra med tacokrydder, og rundt bordet fann ein raskt ut at det likna kylling. Kvit fiskekjøtt er mildt i smaken og blir ferdigsteikt på få minutt. Dette er super snack å diske opp med når du har lyst på noko godt.

nachos med torsk

Nachos med torsk

Har du ikkje torsk kan du bruke hyse, sei eller lyr i staden. Vil du servere ein grøn salat eller ein tomatsalat til, så synest eg det er ein god idé! Du kan fint bruke det du synest er best, og gjerne servere det du ville hatt som tilhøyr til taco. Grønsaker og fisk som snack? Genialt!

nachos med torsk

Fekk du lyst på meir fisk? Sjekk ut Fisketaco her!

Oppskrift på Nachos med torsk

2 porsjonar / Tid: 15 min

  • ca 150 g nachochips
  • 200 g torsk
  • 1-2 ss tortillakrydder
  • 1 ss smør eller olje
  • 1 dl riven ost
  • 1/2 lime
  • Frisk koriander
  1. Legg nachochips i ei eldfast form og strø ost over.

  2. Gratiener i omnen til osten er gyllen. Anten under grillelementet i 2-3 minutt, eller på 225 grader i ca 10 min.

  3. Del torsken i bitar og vend den i tacokrydderet.

  4. Smelt smør eller varm olje i ei panne og steik torskebitane til dei akkurat er steikte. Dette går kjapt, og torsken er ferdig på få minutt.

  5. Servér nachos med torsk på toppen, frisk koriander og lime.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.