Pizzabrød

pizzabrød

Pizzabrødet er ein variant av det flotte stablebrødet. Dette er eit flott alternativ til focaccia, og ser fantastisk ut på bordet med pizzamarmoreringa inni. Lett å like og fin å servere både til suppe, gryter, tapas eller koldtbord.

Til eitt brød treng du:

  • 600 g kveitemjøl
  • 4 dl vatn
  • ½ pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 2 ss olivenolje

Fyll:

stablebrød brød med pizzafyll

Slik gjer du:

  1. Ha lunka vatn i ein bakebolle og tilsett mjøl, tørrgjær, salt og olivenolje.
  2. Elt på middelsfart i ei kjøkkenmaskin (eller for hand) i 5-10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.
  4. Del deiga i to og kjevle ut til eit rektangel på 30×40 cm.
  5. Smør uttover pizzasausen og ha over halvparten av osten.
  6. Del opp i 12 ”pizzastykker”, og stable desse i stablar.
  7. Smør ei brødform, eller bruk bakepapir, og legg stablane i forma.
  8. Trykk dei litt ned og saman, slik at heile forma er fyllt. Strø over resten av osten
  9. Dekk med plast og la etterheve i ca 30 min.
  10. Steik på nederste rille, 200 grader (over og undervarme) i 35-40 min. Følg med på slutten slik at brødet ikkje blir brent på toppen. (Legg eventuelt eit bakepapir over brødet på slutten av steiketida for å unngå dette.)
  11. Brødet er ferdig når du kan høyre ein hol lyd når du bankar på det frå undersida.
  12. Avkjøl på rist.
stablebrød med pizzafyll

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.