Vekemeny 39
Vekemeny 39 er klar under her, så då håper eg du er klar for å små-planlegge den komande veka. Med ein enkel middagsplan blir kvardagskabalen mykje enklare. Det har vi oppdaga mange gongar.
Vekemeny 39
Som eg skreiv i nyheitsbrevet denne veka; tusen takk til alle som har bestilt og kjøpt kokeboka Kvardagsmat. Heilt fantastisk at den har vore på bestselgerlista til haugenbok.no i tre veker! Tenk det! Her kan du klikke deg inn om du vil kjøpe den. (Det er framleis maks rabatt og fri frakt hos haugenbok!) Reklame for eiga kokebok.
Om du vil få nyheitsbrev neste gong det går ut så legg igjen e-post adressa di nederst på sida her. Då får du også oversikt over dei nyaste oppskriftene som har komt på bloggen.
Mandag
Omnsbakte beter
Omnsbakte beter er ein nydeleg måte å bruke haustens rotgrønsaker på. Betene blir nemleg søte og nydelege på smak når dei blir bakte i omnen. Dei kan nytast åleine som… Fortsett å les »
Tysdag
Fisketaco med kvit fisk
Fisketaco er nydeleg godt, og ein perfekt måte å få i familien meir fisk på. Kvit fisk er mild i smaken, og med tacokrydder og tortillachips rundt er det ikkje… Fortsett å les »
Onsdag
Jordskokksuppe med søtpotetchips
Ei spanande suppe med rik smak og trendy ingrediensar. Enkel å lage, og du kan variere den med å lage med berre mjølk i staden for vatn eller med ei… Fortsett å les »
Torsdag
Laks med mangosalat
Laks og mango er ein vinnar i lag og smakar utruleg godt! Steik laksen medan du blandar saman salaten, og vips har du nydeleg middag klar. Her får du oppskrift… Fortsett å les »
Fredag
Oksehalesuppe
Oksehale er noko eg har drøymt om å finne i butikken etter å ha sett Kokkekarla koke på det på hennar instagram-profil, og lest om oksehalekraft som skal vere noko av… Fortsett å les »
Laurdag
Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat
Kylling, feta og soltørka tomat høyrer godt i lag. I denne oppskrifta er kyllingbrystet fyllt med desse deilige smakane og grilla. Det blir saftig, godt og nydeleg salt smak av… Fortsett å les »
Søndag
Thai vårrullar
Desse Thai vårrullane, eller Thai Spring Rolls om du vil, har ein herleg frisk smak av koriander og thai fiskesaus. Du kan anten pensle dei og steike dei i steikeomn… Fortsett å les »
Noko godt
Peanøttsjokolade
Peanøttsjokolade er kanskje ein av dei enklaste godsakene du kan lage? Salt og søtt er alltid perfekt kombo, og her skal du berre smelte sjokoladen og så røre inn peanøttene…. Fortsett å les »
Brødmat
Halvgrove rundstykke
Halvgrove rundstykke som er fine å ha i matpakken eller å servere ein kveld du vil dekke til kveldsmat. Utan frø og store korn kan du servere dette til alle… Fortsett å les »
Vekas kake
Marsipankake med friske bær
Marsipankake med friske bær er verkeleg ei festkake! Og dette marsipanlokket er ikkje så vanskeleg å få til som du kanskje fryktar. Trikset er å kjevle marsipanen mykje større enn… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.