Halvgrove rundstykke

halvgrove rundstykke

Halvgrove rundstykke som er fine å ha i matpakken eller å servere ein kveld du vil dekke til kveldsmat. Utan frø og store korn kan du servere dette til alle skeptikarar/born med stort hell.

Halvgrove rundstykke

Til ca 12 rundstykke treng du:

  • 4 dl lunka mjølk
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1/2 ts salt
  • 1 ss smelta smør
  • 4 dl grov sammalt kveite
  • ca 6 dl kveitemjøl
rundstykke

Slik gjer du:

  1. Smelt smøret og varm mjølka til det er fingervarmt. Ha det i bakebollen.
  2. Tilset det tørre, hald tilbake litt av kveitemjølet, og elt i kjøkkenmaskin i ca ti min. Juster mjølmengda mot slutten om det trengst.
  3. Dekk med plast eller lokk og hev til dobbel storleik eller så lenge du har tid.
  4. Form ca 12 avlange rundstykker, dekk med plast.
  5. La etterheve i ca 30 min.
  6. Steik midt i omnen på 225 grader, over og undervarme, i 15-20 min.
  7. Avkjøl på rist.
heimelaga kvardagsmat

Tips: putt i frysaren, og set dei inn i kald omn på varmluft 170 grader i 13-15 min. Vips: nysteikte rundstykker!:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!