Vekemeny 16

Søndag og tid for å planlegge den komande veka igjen. Har du hovudet fullt av idear til middag eller treng du litt inspo? Her får du denne vekas forslag, så kan du plukke deg ut nokre rettar eller lage heile menyen

Denne veka er det onsdagens lasagne-oppskrift som får vist seg fram i filmversjon. Sjekk ut steg for steg videoen her:

Mandag

bakt søtpotet med kikerter

Bakt søtpotet med kikerter

Bakt søtpotet med kikerter er kosemat som lagar seg sjølv. Bakt søtpotet smakar søtt, mjukt og godt. Med knasande kikerter på toppen kan dette serverast både som middag eller digg… Fortsett å les »

Tysdag

fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus er så mykje enklare å lage enn du trur. Har du nokon gong laga kjøttkaker? Det er ganske likt, og dette er ein slik rett som går… Fortsett å les »

Onsdag

lasagne

Lasagne

Lasagne er populært både hjå små og store, og er genialt å servere når du skal ha gjestar til middag. Vi lagar alltid dobbel porsjon, og inviterar enten på middag… Fortsett å les »

Torsdag

spanske kjøttboller

Albondigas – Spanske kjøttbollar

Albondigas, albondigas, albondigas! Ein fast rett på alle tapasbord, og det med rette. Kjøttdeig som er krydra og kokt i deilig kraft gir saftige og smakfulle små bollar som er… Fortsett å les »

Fredag

taco med torsk

Fisketaco med kvit fisk

Fisketaco er nydeleg godt, og ein perfekt måte å få i familien meir fisk på. Kvit fisk er mild i smaken, og med tacokrydder og tortillachips rundt er det ikkje… Fortsett å les »

Laurdag

Butterdeigpizza med ramsløkpesto

Butterdeigpizza med ramsløkpesto

Butterdeigpizza med ramsløkpesto blei etterspurt då eg delte bilete på instastory førre veke. Og eg er som regel ikkje vanskeleg å be, så her får de oppskrifta. Dette er perfekt… Fortsett å les »

Søndag

pita med tzatziki

Lammepita med myntepesto og tzatziki

Lammepita med myntepesto og tzatziki er nydeleg mat som er enkel å nyte fleire dagar på rad. Dette er mat som det er perfekt å få restar av, og som… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Eltefritt firkornsbrød (no-knead bread)

Etter å ha oppdaga Mat på bordet si geniale samling av brødoppskrifter og enkle videoforklaring, har vi stort sett berre ete eltefrie brød og rundstykker her siste åra. Kan det bli… Fortsett å les »

Noko godt

jordbær smoothie

Jordbærsmoothie

Jordbærsmoothie med berre tre ingrediensar som smakar skikkeleg sommar. Sidan det er brukt mandelmjølk i denne verjsonen er den mjølkefri og vegan, om det er noko du treng å ta… Fortsett å les »

Vekas kake

marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær er verkeleg ei festkake! Og dette marsipanlokket er ikkje så vanskeleg å få til som du kanskje fryktar. Trikset er å kjevle marsipanen mykje større enn… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.