Albondigas – Spanske kjøttbollar

albondigas

Albondigas, albondigas, albondigas! Ein fast rett på alle tapasbord, og det med rette. Kjøttdeig som er krydra og kokt i deilig kraft gir saftige og smakfulle små bollar som er lette å like. På ein tannpirkar eller ein gaffel åleine, eller som ein del av ein pastarett er noko som fell i smak både hjå små og store. Ikkje vanskeleg i det heile, prøv så ser du! Lag heile porsjonen uansett om det berre er til deg sjølv og ein til, dette er digg restemat, og finfint å ha i frysaren for ein enkel middag seinare.

kjøttboller

Til ca 40 kjøttbollar treng du:

  • ca 700 g kjøttdeig
  • 1 egg
  • 1/2 ts spisskummen
  • 1/2 ts paprikapulver
  • 1/2 ts ingefær
  • 1/4 ts chilipulver (eller meir om du vil ha det sterkare)
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 1-2 nevar (bruk mykje!) frisk persille
  • 1 liten løk
  • 1 fedd kvitløk
  • kjøttkraft eller vatn med buljongterning

Tomatsaus:

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 800 g hakka tomat på boks
  • 1 ss honning
  • 1 gulrot
spanske kjøttbollar

Slik gjer du:

  1. Start med tomatsausen slik at det får godgjere seg lengst mogleg. Hakk løk, kvitløk og gulrot og la surre i ei panne til løken har blitt blank.
  2. Ha i tomat og honning og la småputre på låg varme.
  3. Kjør glatt med ein stavmiksar rett før servering.

Kjøttbollar:

  1. Finhakk løk, kvitløk og persille og ha ei ein bolle.
  2. Ha kjøttdeig, egg og alt krydderet i bollen og kjør raskt saman med ei kjøkkenmaskin eller elt saman for hand til du har ei jamn masse.
  3. Kok opp kraft i ei kasserolle, skru ned varmen slik at kjøttbollane kan trekke (ikkje koke).
  4. Ha kjøttdeiga i ein tjukk plastpose (eg brukte ein ziplockpose frå IKEA), og klipp eit 1-2 cm stort hol i eine hjørnet.
  5. Press ut massen og knip av slik at du får laga små kjøttbollar. Fyll opp kasserolla med kjøttbollar og la trekke i 5-10 min til dei er ferdige heilt i gjennom.
  6. Aus ut kjøttbollane og ha over i tomatsausen som du har kjørt glatt med ein stavmiksar, før du lagar nye kjøttbollar i krafta.
  7. Server med godt brød, pasta eller som ein del av eit tapasbord:)
Albondigas - Spanske kjøttbollar

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.