Eltefritt firkornsbrød (no-knead bread)

skive nærbilde

Etter å ha oppdaga Mat på bordet si geniale samling av brødoppskrifter og enkle videoforklaring, har vi stort sett berre ete eltefrie brød og rundstykker her siste åra. Kan det bli enklare? Når eg i tillegg har funne ut at eg kan brette brødet i bakebollen og berre vippe det rett over i brødforma/gryta og unngå mjølsøl på benken finnast det ingen argument til å gå tilbake til tradisjonell brødbaking. I denne versjonen har eg brukt ei vanleg brødform, berre av den enkle grunn at brødet blir enklare å handtere i kvardagen og i matpakkesamanheng.

Lat deg inspirere og begeistre, så reknar eg med at du er bitt av basillen du óg! Rør saman deiga før du legg deg og ha nysteikt brød til sein frukost/lunsj dagen etter.

Til eit brød treng du:

  • 150 g sammalt rug
  • 350 g kveitemjøl
  • 25 g solsikkefrø
  • 25 g sesamfrø
  • 25 g linfrø
  • 25 g graskarkjerner
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 ss honning (kan sløyfast)
  • 4 dl lunka vatn

brødfirkorn

Slik gjer du:

  1. Sett bakebollen på vekta, null ut og ha i alle tørre ingrediensane. Bland i det våte.
  2. Rør raskt saman slik at alt er blanda, ha på lokk og sett til heving.
  3. La heve i 8-12 timar før du tek lokket av og brukar ein slikkepott til å brette deiga eit par-tre-fire gongar over kvarandre.
  4. Legg bakepapiret på kjøkkenbenken og vipp deiga over på dette før du løftar heile bakepapiret med deiga på over i ei brødform. (Eg synest dette gir mindre kliss enn å prøve å ha den rett i bakepapirkledd form).
  5. Strø frø på toppen og legg plastfolie laust over. La brødet etterheve i 30-60 min.
  6. Varm opp ovnen til 250 grader over- og undervarme.
  7. Sett inn brødet på nederste rille og senk temperaturen til 225 grader. Steik i 45 minutt, brødet er ferdig når du kan høyre ein hol lyd når du bankar på det frå undersida.
  8. Avkjøl på rist.

Nysteikt brød til alle!:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.