Vekemeny 9
Ny vekemeny er på plass, og vi går inn i vinterferie her på Sunnmøre. Men vinteren den har tatt ferie den også. Her er det opp mot fjorten plussgrader og all snøen i hagen er vekk. Det same gjeld dessverre for fjella, så opne skisenter blir ei utfordring å finne..
Men ferie blir det likevel, og då er jo høvet der for å gå i gong på kjøkkenet og lage noko godt! Kanskje kan du bake saman med kidsa? Eller teste ut noko nytt til middag når du har litt betre tid og ikkje skal nå ein ettermiddagsaktivitet?
Håper du finn inspo i menyen under! Ha ei fin veke:)
Mandag
Falafel med tahinidressing
Falafel med tahinidressing er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og smakfull innside. For å få best resultat krevst det at du startar minst 12 timar i… Fortsett å les »
Tysdag
Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter
Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter har alt ein fiskerett skal ha. Gode smakar og krønsj på toppen. Når søtpotetene får seg ei runde inn i omnen som dette… Fortsett å les »
Onsdag
Fiskesuppe med reker og blåskjell
Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia… Fortsett å les »
Torsdag
Steikt ørret med brokkoliwok
Steikt ørret med brokkoliwok er ein perfekt måte å bruke opp brokkolistilken på. Den er jo for god til å kaste! Ved å bruke ein mandolin er det like kjapt… Fortsett å les »
Fredag
Fylt paprika med tacokjøttdeig
Fylt paprika med tacokjøttdeig er fint å servere når du har lyst på noko litt anna enn standard taco med lefser. Eller kanskje du har tacokjøttdeig til overs? Då er… Fortsett å les »
Laurdag
Thai vårrullar
Desse Thai vårrullane, eller Thai Spring Rolls om du vil, har ein herleg frisk smak av koriander og thai fiskesaus. Du kan anten pensle dei og steike dei i steikeomn… Fortsett å les »
Søndag
«Lasagne» med squash (glutenfri)
I «Lasagne» med squash har eg brukt squash i staden for lasagneplater, og creme fraiche i staden for ostesaus. Dermed blir heile retten naturleg glutenfri, utan at det går utover smakane… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefri rundstykke til hytteturen
Eltefri rundstykker er og blir ein favoritt, og då må vi sjølvsagt lage det når vi er på hyttetur også. Har du ikkje gryte og utstyret du treng seier… Fortsett å les »
Noko godt
Peanøttkuler
Snickerskuler er populært som julegodt og konfekt, men no når det snart er vår treng vi ein litt mer kvardags-type dessert. Difor presentrere eg med dette Peanøttkuler! Peanøttsmør og knasande… Fortsett å les »
Vekas kake
Kanelblome
Kanelblome har eg valt å kalle denne flotte gjærbaksten etter den engelske tittelen cinnamon flower cake. Andre namn kan vere kveiteblome (hveteblomst), kveitesnøfnugg (hvetesnøfnugg) eller kanelrose. Same kva du vel å… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.