Vekemeny 12
Vekemeny 12 er på plass og det er siste innspurt før påskeveka startar. Mat må ein ha og her får du denne vekas forslag til meny.
Vekemeny 12
Mandag
Nomeatballs med poteter og brun saus
Nomeatballs med poteter og brun saus er kjøttkaker utan kjøtt. Ellers er det servert med same tilhøyr som klassikaren har, og det smakar temmeleg likt. Til og med farsen ser… Fortsett å les »
Tysdag
Steikt skrei med soyasmør og granateple
Steikt skrei med soyasmør og granateple er nydeleg god middag, og enkel å lage. Det vanskelegaste er å få ut frøa frå granateplet utan å dekorere alt rundt deg raudt…. Fortsett å les »
Onsdag
Gyllen blomkålsuppe
Gyllen blomkålsuppe er perfekt vintermat. Det lille ekstra ein treng når ein kjenner seg litt tufs, eller kjenner at ein bryggar på noko. Med gurkemeie som er betennelsesdempande og god… Fortsett å les »
Torsdag
Chorizo og kikertgryte
Chorizo og kikertgryte har nydeleg smak av chorizopølse og ekstra røykt smak frå paprikakrydderet. Finn du ikkje røykt paprika på butikken din veit du kva du skal sjå etter neste… Fortsett å les »
Fredag
Quinoapizza med spekeskinke, kantarell og pinjekjerner
Deilig, crisp pizzabotn laga av superfrøet quinoa som er kalla «Inkaens gull» på grunn av det høge næringsinnhaldet. Frøet er svært proteinrikt og er proppa med mineral, og då blei pizza med… Fortsett å les »
Laurdag
Kvit bacalao med chorizo og bacon
Kvit bacalao med chorizo og bacon kan vere både kvardagsmat og festmat. Hugsar du å legge klippfisken i bløyt passe lenge nok før du skal lage middagen er det meste… Fortsett å les »
Søndag
Indisk kyllinggryte med raita
Indisk kyllinggryte med raita har nydeleg kryddersmak og fantastisk fin farge. Ingefærrot og gurkemeie skal jo vere betennelsedempande og er mykje brukt i indisk mat. At ingefærrot smakar godt og… Fortsett å les »
Noko godt
MRF-svele
MRF-svele er eit eige begrep når det gjeld sveler, og stammar frå ferjene her i Møre og Romsdal. Dei blei tidlegare drifta av MRF – Møre og Romsdal Fylkesbåtar og… Fortsett å les »
Brødmat
Eltefritt brød med sammalt kveite
Eltefritt brød med sammalt kveite laga eg på Instastory for nokre dagar sidan, og fekk vanvittig med tilbakemeldingar frå dykk. Kunne det verkeleg vere så enkelt å lage eit brød… Fortsett å les »
Vekas kake
Sjokolademoussekake
Sjokolademoussekake har deilig mjuk sjokolademousse på toppen av ein deilig mandelbotn. Dette er søt og god kake som passar perfekt for deg som likar sjokolade. Toppar du kaka med friske… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.