Vekemeny 49
Vekemeny 49 er klar og det er første søndag i advent. Tenk at jula snar er her! Synest ikkje det er lenge sidan vi var ute på sjøen og fiska i sommar, og bang så er det snart nytt år. Eg lengtar etter lysare tider, og får nesten litt sjokk over at det er så mørkt -kvart einaste år. Når det er som mørkast gjeld det å diske opp med varm kakao eller krydra te, og tenne lys på alle bord. Årstider har sin sjarm, men lyse dagar og kveldar er alltid noko å sjå fram mot.
Håper du finn noko du likar på vekemenyen og at du får ei fin veke, sjølv kor mørk mørketida er.
Vekemeny 49
Mandag
Røsti
Røsti er nydeleg tilbehør til grillmat og tapas, eller kan vel eigentleg passe til det meste. Raspa poteter sammanpressa og steikt i ei steikepanne blir utruleg godt, og har du… Fortsett å les »
Tysdag
Steikt ørret med brokkoliwok
Steikt ørret med brokkoliwok er ein perfekt måte å bruke opp brokkolistilken på. Den er jo for god til å kaste! Ved å bruke ein mandolin er det like kjapt… Fortsett å les »
Onsdag
Gratinert løksuppe
Gratinert løksuppe er nydeleg godt samstundes som det må vere ei av dei billegaste suppene du kan lage. Perfekt for studentar som treng næringsrik mat for få kroner. Kjenner du… Fortsett å les »
Torsdag
Steikt torsk med søtpotetstappe og eggesmør
Steikt torsk er ein av mine favorittar å lage når vi kjem heim frå jobb, skule og barnehage. Det går raskt, er sunt og smakar så godt, om du lagar… Fortsett å les »
Fredag
Tacograteng
Tacograteng er fylt med steikt løk, kjøttdeig, mais, hakka tomat og tacokrydder. Toppa med smelta ost og gratinert i omnen er den perfekt å setje på bordet saman med nachos… Fortsett å les »
Laurdag
Kyllinglår med estragonsaus
Kyllinglår med estragonsaus er ein mild rett med gode smakar. Estragon både luktar og smakar nydeleg, og gjer heile sausen i denne retten. Finn du frisk estragon på butikken, eller… Fortsett å les »
Søndag
Lammesteik i surmelk
Denne lammesteika hadde vi til middag sist helg, med stor suksess. Eg tok meg ein tur på biblioteket og blada i mange fine og rare kokebøker og kom over lammesteik… Fortsett å les »
Noko godt
Cake in a cup
Cake in a cup eller kake i ein kopp, som kanskje er ein like bra norsk tittel, er ganske sjølvforklarande. Du blandar saman kakerøra i ein kopp, steiker den kjapt… Fortsett å les »
Brødmat
Speltbrød med rug
Speltbrød med rug er smakfullt og god kvardagsbrød for heile familien. Utan korn og frø, men med god smak av rug. Spelt har jo rykte på seg for å vere… Fortsett å les »
Vekas kake
Sjokolade- og chiliterte
Å lage terte er slett ikkje vanskeleg, men du treng litt tid. Om du innfinn deg med at du må gjere ting litt etappevis er dette ein fin-fin dessert å… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.