Røsti

røstipoteter

Røsti er nydeleg tilbehør til grillmat og tapas, eller kan vel eigentleg passe til det meste. Raspa poteter sammanpressa og steikt i ei steikepanne blir utruleg godt, og har du lyst på litt variasjon er det berre å opne krydderskuffa di.

Er kjøleskapet skrapa og du har lyst på noko godt er det Røsti du skal lage -det krevst hovudsakleg potet og kan lett gå som eit eige lite måltid.

rösti

Røsti

  • 8-10 mellomstore poteter
  • 1/2 løk
  • Salt og pepar
  • 1-2 ss smør/olje til steiking
  • Friske urter på toppen
20151005-DSC_0033

Oppskrift:

  1. Skrell potetene og riv dei på eit grovt rivjarn.
  2. Legg dei revne potetene i eit reint kjøkkenhåndkle og klem så mykje væske ut av potetene som mogleg.
  3. Finhakk løk og bland i saman med salt og pepar.
  4. Smelt smøret i panna og trykk potetene utover som ei flat kake.
  5. Steik på eine sida på middels høg varme til den er godt bruna før du snur den og steiker den på samme måte på andre sida.
  6. Server røsti med det samme, med friske urter på toppen -og gjerne ekstra salt og pepar.
røsti

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.