Sjokolade- og chiliterte

sjokoladeterte

Å lage terte er slett ikkje vanskeleg, men du treng litt tid. Om du innfinn deg med at du må gjere ting litt etappevis er dette ein fin-fin dessert å lage og servere. Fortvil ikkje om du ikkje har terteform; ei lita paiform går fint, men då er det lettast å servere terta i forma.

Du treng:

Tertedeig:

  • 300 g kveitemjøl
  • 200 g kaldt, usalta smør i terningar
  • 100 g melis
  • 1 egg

Fyll:

  • 150 g mørk sjokolade
  • 1 vaniljestang
  • ca 2cm raud chili
  • 3 dl kremfløyte
  • 3 gelatinplater

Slik gjer du:

Tertebotn:

  1. Smuldre mjøl, melis og smør i ein bolle for hand eller i ei kjøkkenmaskin. Tilsett egget og kna det inn eller kjør det raskt saman i kjøkkenmaskina.
  2. Pakk deiga i plastfolie og la den kvile i kjøleskapi 3-4 timar, gjerne over natta.
  3. Kjevle deiga utover eit bakepapir, til den er 3mm tjukk.
  4. Smør terteforma (22-24 cm) før du kvelvar deiga over. Fjern deiga som blir til overs rundt kantane.
  5. Prikk deiga med ein gaffel og set den i frysaren i 30 min slik at deiga blir hard.
  6. Set omnen på 180 grader.
  7. Legg bakepapir over tertedeiga og fyll opp med tørka erter/linser.
  8. Steik midt i omnen i 8-10 min.
  9. Fjern bakepapir og erter og steik vidare til den er gyllen, ca 5 min.
  10. Avkjøl

tertebunn

terte


Fyll:

  1. Finhakk sjokoladen, smelt den i vassbad og set til side.
  2. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i 5-10 min.
  3. Splitt vaniljestanga og skrap ut frøa.
  4. Kok opp fløyte, chili, vaniljestang og frø. Smak om du kjenner ein tydeleg smak av chili, eller ha i meir for å forsterke smaken.
  5. Kok opp ein gong til og sil ut vaniljestanga og chilien.
  6. Knip vatnet ut av gelatinplatene og rør dei inn i den varme fløyta til dei er heilt oppløyste.
  7. Hell fløyta ned i sjokoladen i ein tynn stråle medan du rører i små sirklar med ein slikkepott.
  8. Hell fyllet i den avkjølte tertebotnen og set til avkjøling i kjøleskap til fyllet har stivna etter ca 4 timar.
  9. Ta terta ut av kjøleskapet ca 15 min før servering og pynt med bringebær.
sjokoladeterte

Oppskrifta er henta frå Sverre Sætre si ”Den store kakeboka”, og manglar berre bringebærlikør (som eg ikkje hadde i hus) frå originaloppskrifta.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.