Cake in a cup

Cake in a cup eller kake i ein kopp, som kanskje er ein like bra norsk tittel, er ganske sjølvforklarande. Du blandar saman kakerøra i ein kopp, steiker den kjapt i mikro og et rett frå koppen. Perfekt ettermiddagskake når noko skal feirast på ein heilt vanleg kvardag.

cake in a cup

Cake in a cup

Kakeoppskrifta er så enkel at kidsa klarer å lage dette sjølv, det er berre sjølve steikinga som må hjelpast til med. Kaka smakar absolutt best om den er litt blaut i midten, så ikkje steik den for lenge. Pass også på at du ikkje brenn deg på den varme kaka. Den kan med fordel kvelvast over på eit lite fat før borna får ete den. Og så synest vel eg at ein kopp eigentleg er nok til to personar. Ein kopp som romar 3 dl blir mykje kake for ein person;)

koppkake

TIPS:

  • Bland inn 1-2 ss hakka pistasjenøtter eller valnøtter.
  • Stikk ein smilsjokolade midt i kakerøra.
  • Bland inn nokre små marshmallows i kakerøra.
kake i ein kopp

Oppskrift på Cake in a cup

1-2 porsjon / Tid: 10 min

  • 4 ss kveitemjøl el glutenfritt mjøl
  • 3 ss sukker
  • 2 ss kakao
  • 1 egg
  • 3 ss mjølk
  • 3 ss nøytral olje
  • 1 ss kaffi
  • 1/2 ts vaniljesukker
  • litt melis på toppen
  1. Bland saman alt ei ein tekopp.

  2. Set koppen i mikroomnen på full styrke i 1,5-2 minutt. Kaka er best når den er litt rennande i midten.

  3. Strø melis over og nyt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.