Vekemeny 5
Hei søndag og hei ny veke! Vekemeny 5 er klar, og første dagane av februar kjem straks susande i retning oss. Vinteren er her, sjølv om temperaturane minner meir om ein varm vårdag, og vi er klare for vintermat og god bakst til å ta med ut på tur. Eg håper snøen straks kjem igjen, no når vi akkurat hadde fått leita opp alt av skiutstyr og passa på at alle hadde rett størrelse i sko, ski og stavar!
Uansett vêr må ein ha mat, og då håper eg du finn inspirasjon i menyen eg har sett saman under her. I veka som gjekk var det fleire av dykk som delte på Instagram og kom med kjekke meldingar om bruk av oppskriftene og vekemenyen -og det er så stas! Ingenting gjev meir motivasjon enn å sjå at de blir inspirerte og prøvar noko nytt!
Ha ei fin veke, og følg meg gjerne på Snapchat, Instagram og Facebook for meir matglede:)
Mandag
Brokkolisalat
Brokkolisalat er nydeleg sommarmat og funkar både som eigen rett eller som deilig tilbehør til sommarmat. Det er verken potetsalat, waldorfsalat eller pastasalat -men liksom noko midt i mellom alle… Fortsett å les »
Tysdag
Lakseburger i pitabrød
Lakseburger i pitabrød er lett å lage og lett å like. Du treng ei matmølle (foodprosessor) for at det skal gå raskast mogleg, men har du ikkje det tilgjengeleg kan… Fortsett å les »
Onsdag
Søtpotetsuppe med paprika
Søtpotetsuppe med paprika er deilig varmande og god suppe for heile familien. Søtpotet gir ei suppe med nydeleg farge og deilig smak. Med litt currypaste blir det futt i suppa,… Fortsett å les »
Torsdag
Panert torsk med steikte søtpoteter og rømmedressing
Torsk er så fin kvardagsmiddag! Den treng ikkje mange minutta i panna før den er ferdig, og er i tillegg både sunn og god. Her i heimen blei heimelaga fiskepinnar… Fortsett å les »
Fredag
Enchiladas med bønner
Enchiladas med bønner Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med… Fortsett å les »
Laurdag
Hjortegryte
Hjortegryte er klassisk haustmat, i allefall her på desse trakter. Hjortejakta er i gong for lengst, og årets første kjøt har hamna i grytene her. Med nydeleg kryddersmak av kantarellen… Fortsett å les »
Søndag
Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter
Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter er skikkeleg laurdagskveldmiddag med noko raudt i glaset til. Hasselbackpoteter blei ein favoritt her i heimen frå første gong vi laga det. Du deler potetene… Fortsett å les »
Noko godt
Rå snickers
Denne rå snickersen forsvann fort, og blei populær på snapchat og instagram før den i det heile tatt kom på bloggen! Klebig, salt og søt på ein gong var tydelegvis… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefritt grytebrød med kveitekli
Eltefritt grytebrød med kveitekli er ein deilig variant av det eltefrie brødet med god sprø skorpe. Brødet er laga med minimalt arbeidsinnsats, her er det tida det får stå åleine… Fortsett å les »
Vekas kake
Sjokoladekake frå “Slikkepott”
Matbloggsentralen arrangerer OL-kake utfordring der kravet er at kaka skal innehalde kremfløyte. Dette passa veldig bra for meg som nettopp har fått «Slikepott»-boka i julegåve. Boka er nemleg full av fristelsar som… Fortsett å les »
Vekas gjærbakst
Kanelsnurr med eplemos
Kanelsnurr med eplemos gir ekstra saftige og søte bollar, og er definitivt luksusversjonen av dei tradisjonelle kanelsnurrane. Søt eplemos blanda med kanel smakar nydeleg! Kanelsnurrane lagar du som normalt, men… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.