
Sjokoladekake frå “Slikkepott”

Matbloggsentralen arrangerer OL-kake utfordring der kravet er at kaka skal innehalde kremfløyte. Dette passa veldig bra for meg som nettopp har fått «Slikepott»-boka i julegåve. Boka er nemleg full av fristelsar som eg gler meg til å teste ut. Ei kake skilde seg ut då eg las den første gongen; med tittelen «Sjokolade, sjokolade, sjokolade» hamna den fort på førsteplass i utprøvingskøa. Denne kaka inneheld totalt ein halv kilo mørk sjokolade! Dette er verkeleg ein draum for sjokolade-elskarar! Som fyll og glasur er det oppvarma kremfløyte blanda med hakka sjokolade –også kalla ganache. Og dermed passa den perfekt til denne utfordringa; ei litt annleis kremfløyte-kake!
Det er berre å handle inn og gå i gong. Her får du min versjon (med nokre ørsmå justeringar):

Du treng:
- 200 g mørk sjokolade
- 200 g smør
- 1 dl sterk kaffi
- 170 g kveitemjøl
- 1 ts bakepulver
- 200 g sukker
- 200 g brunt sukker
- 3 egg
- 0,75dl mjølk
Sjokoladeganache:
- 300 g mørk sjokolade
- 3 dl kremfløyte
Til pynt:
- Bringebær
- Kokos
Slik gjer du:
- Set omnen på 160 °C og kle ei kakeform på 22cm med bakepapir i botnen og smør innsida. Hakk sjokoladen og smelt den saman med smør og kaffi i ein bolle over vatnbad.
- Bland sikta kveitemjøl, bakepulver, sukker og brunt sukker i ein bakebolle. Pisk egga til dei blir luftige og bland inn mjølka. Hell sjokoladeblandinga og egga over det tørre, og rør alt saman.
- Ha røra over i forma og steik på nederste rille i ca 1 t og 30 min. Sjekk om den er steikt ved å stikke ein kakepinne/strikkepinne/ukokt spaghetti midt i kaka. Den kan gjerne vere litt mjuk, men du skal ikkje ha røre igjen på pinnen. Avkjøl kaka heilt (eg lot den stå over natta) før du deler den i tre lag.
Sjokoladeganache:
- Finhakk sjokoladen og ha den i ein bolle. Kok opp kremfløyta og hell litt av den over sjokoladen. Rør med slikkepott heile tida og fortsett å ha kremfløyta over litt etter litt. La den stå slik at den stivnar litt, rør avogtil.
- Ha ganachen mellom laga og ha resten på toppen.
- Pynt med bringebær og eventuelt kokos rundt kanten -litt snø må ein ha når det er vinter-OL:) Oppbevar kaka i kjøleskap.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.