Eltefritt grytebrød med kveitekli

Eltefritt grytebrød med kveitekli

Eltefritt grytebrød med kveitekli er ein deilig variant av det eltefrie brødet med god sprø skorpe. Brødet er laga med minimalt arbeidsinnsats, her er det tida det får stå åleine som gjer jobben!

Rør saman deiga raskt før du legg deg, heilt utan kjøkkenmaskin, og la den heve på benken over natta. Så er det berre å steike og nye deilig nysteikt brød dagen etter. Sjå steg for steg lenger nede.

Til 1 eltefritt grytebrød med kveitekli treng du:

  • 100 g grov sammalt rug
  • 50 g kveitekli (hvetekli)
  • 350 g kveitemjøl
  • 70 g sesamfrø
  • 30 g linfrø
  • 1 ts salt
  • 1 ts gjær
  • 4 dl lunka vatn

Slik gjer du:

  1. Set bakebollen på vekta og mål opp alt. Rør raskt saman, set på lokk og la heve i 12-18t (over natta).
  2. Brett deiga nokre gongar over seg sjølv og set på lokket igjen.
  3. Set gryta du skal bruke med lokk inn i omnen og skru den på 250gr.
  4. Etter 30-60 min heller/skrapar du deiga over i gryta, har på lokket og set det inn i omnen. Steik i 30 min på 250gr, ta av lokket og skru ned til 230gr før du steiker i 15 min til.
  5. Avkjøl på rist. Nydeleg grovbrød, med sprø og god skorpe!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.