Vekemeny 4

Vekemeny 4 er klar og det betyr at veke fire er i kjømda! Dessverre har det flotte vintervéret som vi hadde forrige helg har regna heilt vekk. Det er bare vegar og regn, regn, regn. Då gjeld det å nytte høvet og fylle fryseboksen med rundstykker, kjappe middagar, turbarar og gjærbakst. Slik at ein er klar når vinterveret kjem tilbake, og vi berre vil ut, ut, ut.

Vi har brukt delar av helga til å bake nettopp rundstykker og bollar, og klarte å spare mesteparten til fryseboksen. Det er ingenting som gjer meg gladaren ein vanleg kvardag etter skule, jobb og barnehage enn å kome heim til ferdig middag. Og dei dagane det ikkje er nokon som står der med middagen klar gjeld det å ha ferdig middag i frysaren. Hurra!

Då kan kjøkkenbenken shinast, klesvasken kome i gong og leseleksa høyrast medan maten blir varma opp – nesten heilt av seg sjølv. I veka som gjekk var det akkurat ein slik dag, og då var det ein rest av denne Søtpotetsuppa som gledde meg frå frysaren. Varma i ei kasserolle og servert saman med rista brød. Perfekt kvardagsmiddag -og nydeleg god!
Har du ein favoritt som ofte går i frysaren? Del gjerne med meg på Facebook, Instagram eller Snap!

Ha ei fin vekedå! Anten med eller utan snø:)

 

Mandag

vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta er ein skikkeleg god pizza som gjerne går på repeat her! Salt fetaost, raud pesto med litt sting i og knasande pinjekjerner er… Fortsett å les »

Tysdag

hjemmelagde fiskepinner med corn flakes

Heimelaga fiskepinnar

Fiskepinnar er enkelt og raskt å lage sjølv, og smakar så mykje bedre enn dei du finn i fryseboksen på butikken. Dette er mat som er stas å lage saman… Fortsett å les »

Onsdag

jordskokksuppe med sprøstekt spekeskinke

Jordskokksuppe med sprøsteikt spekeskinke

Jordskokk er i sesong ein bitteliten del av året, og då gjeld det å nytte denne knallgode rotgrønsaka for det den er verdt. I Malaysia fann eg den under det… Fortsett å les »

Torsdag

grilla lammekoteletter med myntedressing

Grilla lammekotelettar med myntedressing

Grilla lammekotelettar med myntedressing er deilig grilla kjøtt med frisk mynte på toppen. Pass på at du grillar på høg varme dei første minutta slik at du får med den… Fortsett å les »

Fredag

asiatisk risnuddel

Asiatiske risnudlar med grønsaker

Asiatiske risnudlar med grønsaker er “comfort food” som du slurpar i deg med gaffelen i eine handa og tallerkenen i andre. Deilige asiatiske smakar blanda med risnudlar og friske grønsaker…. Fortsett å les »

Laurdag

tortilla pizza

Tortillapizza med tacokjøtt

Tortillapizza er ein av mine favorittar når eg har lyst på noko godt, men ikkje vil bruke tid på kjøkkenet. Her trengst det ingen heving, benken blir ikkje skitna til,… Fortsett å les »

Søndag

lasagne

Lasagne

Lasagne er populært både hjå små og store, og er genialt å servere når du skal ha gjestar til middag. Vi lagar alltid dobbel porsjon, og inviterar enten på middag… Fortsett å les »

Noko godt

raw brownies kuler

Raw brownies kuler

Når hverdagen atter er over oss er det tid for smarte og sunne snackvarianter når søtsuget etter feriens glade dager kommer. Disse raw brownies kulene smaker som brownies med krønsj,… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Eltefri fullkorn­rundstykker med valnøtter

Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter er litt grovare enn dei andre versjonane her på bloggen med fullkornkveitemjøl i seg, men deilig saftige på grunn av valnøttene i deiga. Valnøttene gir også… Fortsett å les »

Vekas kake

iskake med daim

Daimiskake med marengsbotn

Daimiskake med marengsbotn er laga med utgongspunkt i Iskake med Daim og Mokkaiskake med sjokolade og marengs. Tanken var å ta det beste frå begge kakene og kombinere det til ei… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!