Det beste frå oktober

Og vips var det november og berre to knappe månedar igjen av året 2016. Tida går fort når ein har det kjekt seiast det, så det må vere eit godt teikn at dette året kjennes som det berre har rast avgarde.

I oktober var vi så heldige å ha fint vêr nesten alle 31 dagane, og vi nytta høvet så ofte vi kunne til å vere ute i sola og ute i haustfargane. Eg fekk i tillegg mi første natt med soloppgong på ein fjelltopp, og det gav aboslutt meirsmak. Ingenting kan måle seg med krystallklar himmel, skarp luft og nydelege haustfargar. Sunnmøre på sitt aller beste!

Det beste frå oktober på matbloggen har eg samla her, så kanskje du blir inspirert til å lage noko godt no i denne mørkaste måneden i året. Det gjeld å setje pris på dei ulike årstidene og sjarmen dei har, og når november og mørket kjem gir det rom for kjekke inneaktivitetar -som å lage noko godt på kjøkkenet.

Det beste frå oktober

Kyllingsuppe med nanbrød blei henta fram på ein av vekemenyane, og denne populære gryta klatra igjen til toppen. Så kjekt at så mange set pris på denne!

Hjortegryte er jo klassisk haustmat, og ein suveren søndagsmiddag å servere til gjestar. Kortreist kjøt som har levd heile sitt liv i skogen er prima vare og noko vi absolutt bør setje pris på.

Kyllingform med cashewnøtter er ei ny oppskrift på bloggen, og denne blei teken veldig godt i mot. Litt heite kryddersmakar med krønsj frå nøttene på toppen er skikkeleg digg kvardagsmat.

Tacograteng er også ei heilt ny oppskrift på bloggen, og ein digg vri på den tradisjonelle fredagstacoen. Gratengen er også heilt ypperleg å lage som laurdagslunsj for å bruke opp restane du har igjen av tacokjøttdeiga!

Ostekake med Oreo og bringebær er ei enkel og krema kake med gode smakar av sjokoladekjeks og bær i ei herleg blande. Kaker som ikkje treng å steikast er kjærkomne når fleire kaker skal lagast til selskap og omnen gjerne er opptatt. Og så smakar den skikkeleg søtt og godt også då!

Meksikansk gryte er min måte å hugse tilbake til alle korps-øvingshelger, stemner og samlingar der den typiske maten var meksikansk gryte, salat og ris. Kjenner du deg igjen? Samme digge konsistens, men med hakket meir krydra smak!

Bounty utan sukker er ein gammal favoritt frå bloggen, som er super å ha på lur i kjøleskap og frysar. Eit litt sunnare alternativ når søtsuget melder seg, og vanvittig god på smak!

Pølse- og makaronigrateng er ein populær rett hjå kidsa, og minner meg om skulekjøkken. Men makaroni, pølser og kvit saus krydra med muskat kan eg lett ete som vaksen også!

Lasagne med grønsaker har alle gode smakane som skal vere i ein lasagne, men har linser i seg i staden for kjøt. Her merkar du ikkje at kjøtet manglar, og du får ein fin vegetarmiddag på kjøpet!

Viltgryte med reinskav er ei digg gryte som du kan lage sjølv om du ikkje har ein jeger i hus. Gå på jakt i frysedisken på butikken og disk opp med deilig haustmat til dei rundt deg. Nam!

Håper du fann noko du fekk lyst til å lage, del gjerne med meg på Instagram, Snapchat eller Facebook om noko fell i smak:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.