Enkle sommarrettar

Sidan det er juli og dermed så sommar som det kan bli tenkte eg at det kunne passe vel så bra med ei samling enkle sommarrettar i staden for den vanlege vekemenyen. Fleire er ute i ferie, eller som her i huset; har born som er ferie, og då blir det gjerne litt annleis planlegging både av mat og aktivitetar enn ei vanleg veke.

Om sommaren vil vi gjerne ete smakfull mat som er rask og enkel å lage innimellom all utetid og alle sommaraktivitetar. Grillmat er ein vinnar, og det meste smakar endå betre om det får ein tur på grillen.

Under finn du nokre av mine favorittar å servere ein sommardag, og følg med på bloggen for det kjem fleire! Har du ein favoritt må du gjerne gi meg eit hint anten på Facebook, Instagram eller Snapchat: kvardagsmat.

Håper du blir inspirert til å servere noko godt i ferietida!

Enkle sommarrettar

Grilla aubergine med hummus

Grilla aubergine med hummus– deilig vegetarrett med aubergine som blir himmelsk god etter ei runde på grillen eller i steikomnen.

Grilla asparges med spekeskinke

Grilla asparges med spekeskinke – enkel forrett eller liten snack som er ferdig på få minutt.

Reker og loff

Reker og loff – men heimelaga loff blir dette eit festmåltid!

bbq saus

Enkel BBQ-saus -prikken over i’en når du skal grille.

enkle sommarrettar

Grilla kyllingwrap med tzatziki – deilig grilla kyllingspyd med smakfull tzatziki

saltkokte poteter

Saltkokte poteter – eit av dei beste tilbehøra til grilla kjøt!

Chicken Curry Wrap

Chicken Curry Wrap– super å ta med på tur, eller som ein rask middag heime.

Grilla vannmelon med ost og nøtter

Grilla vannmelon med ost og nøtter– frisk og god dessert frå grillen.

Ha ei fin veke:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.