Grilla aubergine med hummus

grilla aubergine

Inspirasjon til denne retten fekk eg gjennom eit bilete frå ei venninne, og anbefaling om å sjekke ut denne oppskrifta hjå Veganmisjonen. Som sagt så gjort, og vi har grilla aubergine fleire gongar etter dette, det smakar knallgodt!

Til to personar treng du:

  • 1 aubergine
  • litt olivenolje
  • salt og peppar
  • litt reven parmesan

Salat:

  • 2 store nevar spinatblad
  • 10 cherrytomatar delt i to
  • 5 cm agurk i småbitar
  • 1 vårløk i småbitar

Hummus:

  • 1 pakke kikerter
  • 1 ts tahini (sesampasta, som faktisk stod i ”glutenfri-hylla” på Kiwi!)
  • 1 ts spisskummen
  • 1 kvitløksfedd
  • ½ ts salt
  • 1-2 ss sitronsaft (ein liten skvis)
  • litt vatn
hummus

Slik gjer du:

  1. Del auberginen i to, og rut opp med ein kniv.
  2. Pensle med olivenolje og strø over salt og peppar
  3. Grill på middels varme i ca 20 min, til den er heilt mjuk. (Eg grillar på svak varme, men har full guffe på gassbrennaren ved sidan av og legg på lokket på grillen, har du ikkje grill kan du klikke på linken over og sjå korleis Veganmisjonen kokkelerte den i ovn).
  4. Ha over riven parmesanost.

Hummus:

  1. Skyl kikertene godt, til alt skummet forsvinn.
  2. Ha dei i ein blender saman med resten av ingrediensane og kjør til ein fin mos. Ha i litt vatn dersom det blir for tjukt for blenderen.

Legg opp salat, ringle over litt olivenolje, salt og peppar og server saman med aubergine og hummus.

aubergine

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.