Suppebrød med oregano og ost

 

suppebrød med oregano og ost

Pizzabrødet er ein variant av det flotte stablebrødet som du og finn pizzabrød-variant av her. Enkelt å lage, og nydeleg som tilbehør til lasagne, gryter, supper eller på tapasbordet.

Suppebrød med oregano og ost

Til eitt brød treng du:

  • 600 g kveitemjøl
  • 4 dl vatn
  • ½ pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 2 ss olivenolje

Fyll:

  • 2 nevar fersk oregano eller 2-3 ss tørka oregano
  • 2 nevar reven mozzarellaost/parmesanost (eller annan ost du likar)
  • 2 ss smelta smør

 

 

krydderbrød

Slik gjer du:

  1. Ha lunka vatn i ein bakebolle og tilsett mjøl, tørrgjær, salt og olivenolje.
  2. Elt på middelsfart i ei kjøkkenmaskin (eller for hand) i 5-10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.
  4. Del deiga i to og kjevle ut til eit rektangel på 30×40 cm.
  5. Smør uttover det smelta smøret, strø over krydderet og ha over 2/3 av osten.
  6. Del opp i 12 ”pizzastykker”, og stable desse i stablar.
  7. Smør ei brødform, eller bruk bakepapir, og legg stablane i forma.
  8. Trykk dei litt ned og saman, slik at heile forma er fyllt. Strø over resten av osten.
  9. Dekk med plast og la etterheve i ca 30 min.
  10. Steik på nederste rille, 200 grader (over og undervarme) i 35-40 min. Følg med på slutten slik at brødet ikkje blir brent på toppen. (Legg eventuelt eit bakepapir over brødet på slutten av steiketida for å unngå dette.)
  11. Brødet er ferdig når du kan høyre ein hol lyd når du bankar på det frå undersida.
  12. Avkjøl på rist.
suppebrød

Tips: får du restar deler du resten av brødet i skiver og legg i frysaren. Då kan du enkelt ta opp ei skive eller to og slenge i brødristaren ein gong du skal ete restemat;)

 

 

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.