Stablebrød

stablebrød

Den siste veka har instagram vore fylt med nydelege bileter av versjonar av ”Stablebrødet” til Bakerinnen, som deltek i Hele Norge Baker. Ho har ein versjon med timian og basilikum, men her kan du bruke det du har/vil. Dette er eit flott alternativ til foccacia, og ser fantastisk ut på bordet. Her har du min versjon av eit brød som definitivt blir laga fleire gongar, dette var populært blant alle gjestane.

Til to brød treng du:

  • 1200 g kveitemjøl
  • 4 dl vatn
  • 4 dl mjølk
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 2 ts salt
  • 3 ss olivenolje

Fyll:

  • 100 g smelta smør
  • 2 nevar friske urter (eg brukte rosmarin)
  • 50 g (2 nevar) reven parmesan
  • 2-3 nevar reven mozzarella
  • 1 ts maldonsalt (flaksalt)
  • Safta frå ein ½ sitron
suppebrød stablebrød hele norge baker stablebrød

Slik gjer du:

  1. Varm opp mjølk og vatn til det er fingervarmt. Ha det i ein bakebolle og tilsett mjøl, egg, tørrgjær, salt og olivenolje.
  2. Elt på middelsfart i ei kjøkkenmaskin (eller for hand) i 5-10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.
  4. Del deiga i to og kjevle ut kvar del til eit rektangel på 30×40 cm.
  5. Smør uttover smøret, strø over ost, salt og krydder og skvis ut litt sitronsaft.
  6. Del opp i 12 ”pizzastykker”, og stable desse i stablar.
  7. Smør ei brødform, eller bruk bakepapir, og legg stablane i forma.
  8. Trykk dei litt ned og saman, slik at heile forma er fyllt.
  9. Gjer det samme med brød nummer to.
  10. Dekk med plast og la etterheve i ca 30 min.
  11. Steik på nederste rille, 200 grader (over og undervarme) i 35-40 min. Følg med på slutten slik at brødet ikkje blir brent på toppen. (Legg eventuelt eit bakepapir over brøda på slutten av steiketida for å unngå dette.
  12. Brødet er ferdig når du kan høyre ein hol lyd når du bankar på det frå undersida.
  13. Avkjøl på rist.
urtebrød

Vil du lage berre eitt brød har du mengda her:

  • 600 g kveitemjøl
  • 2 dl vatn
  • 2 dl mjølk
  • 1 egg
  • ½ pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 2 ss olivenolje

Fyll:

  • 50 g smelta smør
  • 1 nevar friske urter (eg brukte rosmarin)
  • 50 g (2 nevar) reven parmesan
  • 1-2 nevar reven mozzarella
  • 1 ts maldonsalt (flaksalt)
  • Safta frå ein ½ sitron

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.