Spicy kyllinggryte

spicy kyllinggryte

 

Denne gryta er rett og slett ein variant av denne gode spicy kyllingsuppa med kokosmjølk og karri. Utan å jamne den til ei glatt suppe med stavmiksar endar du opp med denne varianten, som er meir som ei gryte. Servér gjerne heimelaga nanbrød og ris til.

Til 3-4 personar treng du:

  • 300-400 g kylling
  • 1-2 raud paprika
  • 2 poteter
  • 1 løk
  • 1 gulrot
  • 2-3 fedd kvitløk
  • ca 5 dl kyllingkraft eller kyllingbuljong + vatn
  • 400 g kokosmjølk
  • 2-3 ts raud karripasta (red curry paste)
  • 1 ts sambal oelek (chili paste)
  • 1-2 vårløk
  • salt og peppar
  • frisk koriander til pynt

 

kyllinggryte

Slik gjer du:

  1. Del kyllingen i bitar og fres dei i litt nøytral olje (kokosolje/solsikkeolje) i ei steikepanne. Set til side.
  2. Del løk, vårløk, paprika, gulrot og potet i terningar. Finhakk kvitløk. Fres alle grønsakene i litt olje til løken er blank i gryta du skal lage suppa i.
  3. Ha i karripasta og chilipasta og bland godt.
  4. Hell over kyllingkrafta. Kok opp og la småkoke i ca 10 min.
  5. Tilset kokosmjølka, bland den godt inn.
  6. Ha i kyllingen og la den trekke nokre minutt.
  7. Strø frisk koriander over og servèr:)

 

indisk kyllinggryte

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.