Vekemeny 6

Søndag igjen, og planen for den komande veka skal på plass. Synest du det er vanskeleg å bestemme ei heil veke fram i tid så kan du dele veka i to. Det synest eg ofte fungerer bra, då er det berre tre middagar som må planleggjast. På den måten er det lett å handle inn utan at matvarene blir dårlege, viss planane blir endra seinare i veka. Ofte kjem det jo både ein eller to endringar når veka først kjem i gong.

Vekemeny 6

Ha ei fin veke! Og meld deg gjerne på nyheitsbrevet nederst på sida. Då får du e-post to søndagar i månaden med dei siste oppskriftene og siste nytt.

Mandag

quinoa, kikert, søtpotet og feta salat

Quinoa og kikertsalat

Quinoa og kikertsalat i samarbeid med Helios.no /annonse/ Deilig salat med kokt quinoa og ovnsbakte kikerter og søtpotetbitar. Saman med varme krydder og salt fetaost er dette en deilig mettande… Fortsett å les »

Tysdag

Sashimi med teriyakisaus

Sashimi med teriyakisaus

Sashimi med teriyakisaus er ein av dei kjappaste rettane du kan lage. Viss du har ei flaske teriyakisaus i kjøleskapet då. Det lagar du på under ti minutt viss ikkje,… Fortsett å les »

Onsdag

Tomatsuppe med squash

Etter ei lang juleveke ligg det som regel igjen noko i kjøleskapet som ein ikkje rakk å bruke likevel. Litt løk, litt vatn med buljong/kraft og dei grønnsakene du har… Fortsett å les »

Torsdag

torsk spekeskinke

Torsk med spekeskinke og jordskokkpure

Dette blei ein stor favoritt her i heimen -og har allereie hatt reprise fleire gongar, før den i det heile har kome på bloggen! Eg må nesten dele æra med kassadama… Fortsett å les »

Fredag

tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling fekk eg servert hjå ei venninne tidlegare i år, og oppskrifta måtte sjølvsagt vere med heim for å dele vidare. Det som gjorde utslaget var at ho… Fortsett å les »

Laurdag

Kyllinglår med estragonsaus

Kyllinglår med estragonsaus

Kyllinglår med estragonsaus er ein mild rett med gode smakar. Estragon både luktar og smakar nydeleg, og gjer heile sausen i denne retten. Finn du frisk estragon på butikken, eller… Fortsett å les »

Søndag

verdens beste hjortegryte

Hjortegryte med gratinert potetmos

Hjortegryte med gratinert potetmos er ein vinnar å setje på bordet når det er gjestar i heimen. Med ein jeger i hus er dette kortreist mat som mettar mange. Det… Fortsett å les »

Noko godt

jordbærsmoothie med blåbær

Jordbærsmoothie med blåbær

Jordbærsmoothie med blåbær smakar som jordbær men får den fine fargen frå blåbær. Frysaren vår er framleis full av blå bær fra hausten og det gjeld å nytte dei no… Fortsett å les »

Brødmat

spelt og rug brød

Speltbrød med rug

Speltbrød med rug er smakfullt og god kvardagsbrød for heile familien. Utan korn og frø, men med god smak av rug. Spelt har jo rykte på seg for å vere… Fortsett å les »

Vekas kake

rulle kake syltetøy

Rullekake med bringebær

Rullekake med bringebær er kaka du skal lage om du treng ei kake på 1-2-3 og kjøleskapet manglar krem. Egg, mjøl, sukker og syltetøy er nesten alt som skal til,… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.