Fylt paprika med tacokjøttdeig

Fylt paprika med tacokjøttdeig er fint å servere når du har lyst på noko litt anna enn standard taco med lefser. Eller kanskje du har tacokjøttdeig til overs? Då er det perfekt å oppbevare den i kjøleskap eller frysar, og så lage fylt paprika dagen etter gildet. Har du ikkje restar lagar du lett denne frå scratch. Her finn du heimelaga tacokrydder.

fylt paprika med tacokjøttdeig

Fylt paprika med tacokjøttdeig

Oppskrifta er enkel å doble og lage til mange, og krev ikkje anna enn fleire paprika i tilfelle. Skal du lage til mange anbefaler eg at du finn paprika i ulike fargar og fyller opp i langpanna. Det ser utruleg flott ut med dei ulike fargane!

fylt paprika med tacokjøttdeigOm du vil piffe opp tacokjøttdeiga litt kan du tilsetje eit fedd kvitløk og ein halv raud chili. Både salsa og salat funkar bra som tilbehør, i tillegg til eller i staden for tortillachips. Vil du lage ein vegetarisk versjon kan du erstatte kjøttdeiga med linser frå kartong. Og gjerne blande inn litt kokt ris. Mmmm!

fylt paprika

Oppskrift på Fylt paprika med tacokjøttdeig

4 porsjonar / Tid: 30 min

Fylt paprika

  • 2 paprika
  • 200 g kjøttdeig
  • 1 løk
  • 1 ss tacokrydder
  • 1 ss rapsolje
  • 2-3 dl riven cheddar/mozzarella

Guacamole

  • 1 avokado
  • 1 fedd kvitløk
  • 1/2 lime
  • 1/4 ts salt
  • 1/8 ts pepar

Tilbehør

  • Tortillachips
  • Rømme
  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  2. Del løken i bitar og fres i oljen til løken blir blank. Ha i kjøttdeig og tacokrydder og steik til kjøttdeiga er bruna.

  3. Del paprika i to, fjern kjerna og legg dei i ei eldfast form. Fyll med tacokjøttdeig og topp med riven ost. Steik i omnen til osten er gyllen, ca 20 minutt.

  4. Lag guacamole ved å blande saman finhakka kvitløk og avokado. Rør inn limesaft, salt og pepar.

  5. Servér fylt paprika med guacamole, tortillachips og litt rømme.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.