Vekemeny 48
Søndag betyr planlegging av den komande veka, og gjer kvardagen litt mindre hektisk. Med ein plan for kva som skal serverast til middag blir kabalen med innkjøp, kjøkkenteneste og ettermiddagsaktivitetar enklare. Håper du finn noko som fristar!
Tusen takk til alle som deler sine tips, triks og beste oppskrifter med meg på Facebook og Instagram. Så stas! Du finn meg under kvardagsmat i begge kanalar:)
Vekemeny 48
Mandag
Falafel med paprikasmak
Falafel er så godt -og så enkelt å lage! Det er berre å bli kjent med denne deilige fastfoodretten frå midtausten og ta den inn på ditt kjøkken med det… Fortsett å les »
Tysdag
Fiskegrateng med potetmos
Fiskegrateng med potetmos er familievenleg mat som både små og store likar. I denne versjonen er det reker, men det kan du hoppe over om det finnast skeptikarar. Eller så… Fortsett å les »
Onsdag
Krema kantarellsuppe
Krema kantarellsuppe er haust og nydeleg soppsmak. Den luktar minst like godt som den smakar og er ein perfekt måte å bruke skogens gull på. Du kan anten plukke soppen… Fortsett å les »
Torsdag
Panert torsk med steikte søtpoteter og rømmedressing
Torsk er så fin kvardagsmiddag! Den treng ikkje mange minutta i panna før den er ferdig, og er i tillegg både sunn og god. Her i heimen blei heimelaga fiskepinnar… Fortsett å les »
Fredag
Tortillapizza med tacokjøtt
Tortillapizza er ein av mine favorittar når eg har lyst på noko godt, men ikkje vil bruke tid på kjøkkenet. Her trengst det ingen heving, benken blir ikkje skitna til,… Fortsett å les »
Laurdag
Marokkansk kyllinggryte
Marokkansk kyllinggryte med er klar på under 30 minutt og har ingrediensar som du finn på daglegvarebutikken. Ingen grunn til at du ikkje skal kunne lage denne altså, her er… Fortsett å les »
Søndag
Linsesuppe med lam
Linsesuppe med lam stod på menyen her 2. påskedag, som siste middag før påskegjestane reiste heim og med siste rest av påskelammet i bruk. Har du restar av lam liggande… Fortsett å les »
Noko godt
Tilslørte plommer
Tilslørte plommer er ein vri på den tradisjonelle desserten med epler, smular og krem. I staden for epler brukar du plommer som også gir ein nydleg smak, og ikkje minst… Fortsett å les »
Brødmat
Brød med rugflak
Brød med rugflak har deilig sprø skorpe og nydeleg smak av rug. Sidan brødet skal langtidsheve på benken treng det ikkje elting, berre tid. Rør saman deiga om kvelden og… Fortsett å les »
Vekas kake
Suksessterte i langpanne
Suksessterte i langpanne er ein fin måte å få laga ekstra mykje av denne gode kaka. Som namnet tilseier er denne kaka ein suksess å servere, og ofte den som… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.