Tilslørte plommer

Tilslørte plommer er ein vri på den tradisjonelle desserten med epler, smular og krem. I staden for epler brukar du plommer som også gir ein nydleg smak, og ikkje minst ein fantastisk farge. Du kan gjerne gjere plommene klare i god tid før du skal servere denne desserten, og så berre montere det i eit glas når du får lyst på noko godt.

tilslørte epler med plommer

Tilslørte plommer

Har du eit plommetre i hagen har du mest sannsynleg alt for mykje plommer til at du greier å ete dei åleine. Del ut til dei rundt deg, så kan dei òg diske opp med deilig dessert. Eller så er det kanskje slik som med oss, at dei unge treda i hagen ikkje gir særleg med frukt enno? Då er vi glade for å få ein pose plommer med familie og venar.

Tilslørte plommer

For å lage denne desserten her har eg brukt kjeks med sjokoladebitar, men her kan du bruke det du har. Havrekjeks er spesielt godt synest eg. Men både brødsmular, knekkebrød, sjokoladekjeks og flatbrød er gode alternativ.

plommer dessert

Sukkermengda du treng kjem an på kor søte plommene du har er, og må smakast til. Sidan det er ein dessert skal det jo smake søtt, og då må det litt sukker til.

Oppskrift på Tilslørte plommer

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 10-15 plommer
  • 1/2 ts kanel
  • 2-3 ss sukker
  • 2 dl kremfløyte
  • 2 ss sukker
  • 200 g kjeks (med sjokoladebitar)
  1. Fjern stein og del plommene i terningar. Ha plommer, kanel og 2-3 ss sukker i ei lita kasserolle og kok opp under omrøring. La småkoke til plommene er mjuke, ca 10 minutt. Kjør så halvparten av plommene glatte i ein stavmiksar. Bland saman og set til avkjøling.

  2. Visp kremfløyte og 2 ss sukker til luftig krem.

  3. Knus kjeks til smular.

  4. Legg krem, kjekssmular og plommer lagvis i fine glas. Oppbevar kjøleg eller servér med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.