Horn
Mjuke gode horn er nydelege rett frå steikeomnen eller delt i to med pålegg på. Litt ekstra stas å ha i matpakken og fin variasjon frå det daglege kvardagsbrødet.
Horn
Til 16 stk treng du:
- 4 dl lunka mjølk
- 1/2 pk tørrgjær
- 1/2 ts salt
- 1 ss smelta smør
- ca 600 g (1 liter) kveitemjøl
- 1 egg til pensling (kan sløyfast)
Slik gjer du:
- Smelt smøret og varm mjølka til det er fingervarmt. Ha det i bakebollen.
- Tilset det tørre, hald tilbake litt av kveitemjølet, og elt i kjøkkenmaskin i ca ti min. Juster mjølmengda mot slutten om det trengst.
- Dekk med plast eller lokk og hev til dobbel storleik eller så lenge du har tid.
- Del deiga i to og kjevle ut to runde leiver.
- Del i åtte «pizzastykker» og rull dei saman frå ytterst mot innerst.
- Legg på bakepapirkledd steikebrett.
- La etterheve i ca 30 min.
- Pensle med samanvispa egg og steik midt i omnen på 225 grader, over og undervarme, i 15-20 min.
- Avkjøl på rist.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.