Kvardagsbrød

kvardagsbrødDet er ikkje alltid vi har tid til å vente på eit eltefritt brød, men treng brød til kvelds. Då lagar vi denne versjonen, som gir tre kvardagsbrød, der to gjerne hamnar i frysaren til seinare bruk.

Ein litt anna versjon er publisert som valnøttrundstykker, og du kan sjølvsagt lage rundstykker av deiga i staden for brød.

Til 3 brød (1,5 liters former) treng du:

  • ½ pk tørrgjær
  • 12 dl lunka vatn
  • 1 ss salt
  • 1 ss sukker
  • ½ dl lys sirup
  • 3 ss rapsolje
  • 300 g sammale kveite, grov
  • 300 g sammale rug, fin
  • 200 g havregryn
  • ca 1000 g kveitemjøl
hverdagsbrød

Slik gjer du

  1. Bland alle ingrediensane og elt i maskin i ca 10 min. (Ha gjerne vatnet i bollen først, for å unngå at det legg seg restar på botnen som ikkje blir blanda med.)
  2. Dekk med plast (bruk gjerne ei eingongs badehette) og la heve til dobbel storleik.
  3. Del opp i tre like delar, og legg kvar del i ei bakepapirkledd brødform. Trykk den jamnt uttover og legg plast laust over.
  4. La etterheve i 20-30 min.
  5. Pensle med vatn og strø over litt havregryn.
  6. Steik på nederste rille på 200 grader (over- og undervarme) i ca 50 min.
  7. Brøda er ferdig viss du kan høyre ein hol lyd når du bankar på det frå undersida.
  8. Avkjøl på rist.
grovbrød

Legg brøda du får til overs i brødpose/frysepose og i frysaren. La tine på benken over natta. Og tilslutt eit bilete av utsikta utan brød, Sunnmøre på sitt beste:

Ørsta

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.