Valnøttrundstykke
Denne oppskrifta kan og lagast som 3 brød, slik det opprinneleg var tenkt då dei var vinnar av ei oppskriftskonkurranse i Sunnmørsposten for nokre år sidan. Valnøttene er lagt til etter anbefaling frå forfattarane av «Go’bitar frå besta si kokebok -tradisjonsmat frå Sunnmøre», der eg har funne oppskrifta. Om du vel å lage brød eller rundstykke er opp til deg, god heimelaga bakst vil du uansett få.
Du treng:
- ½ pk tørrgjær
- 12 dl lunka vatn
- 1 ss salt
- 1 ss sukker
- ½ dl lys sirup
- 3 ss rapsolje
- 200 g sammale kveite, grov
- 200 g sammale rug, grov
- 100 g havregryn
- 1300 g kveitemjøl
- 200 g (1 boks) valnøtter
(Dei to bileta over som viser korleis du flettar deiga er lånt frå ein annan gong eg baka, dersom du stussa over at du såg linfrø i deiga..;)
- Finhakk valnøttene for hand eller ved hjelp av maskin.
- Bland alle ingrediensane og elt i maskin i ca 10 min.
- Dekk med plast (bruk gjerne ei eingongs badehette) og la heve til dobbel storleik.
- Bruk mjøl på bakebordet og kjevle ut til eit rektangel med ca 1 cm tjukkleik.
- Del opp i strimlar og flett tre og tre strimlar saman til ei flette.
- Del opp fletta i passe rundstykke.
- Sett på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve under plast i ca 30 min.
- Steik på 200 grader i 10-15 min, til rundstykka er gylne under.
- Avkjøl på rist.
Pakk rundstykka du får til overs i brødposar og legg i frysaren. Skru omnen på 180 grader varmluft og varm rundstykka direkte frå frysaren i 12-13 min. Som nysteikte igjen!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.