Reklame

Kylling i currysaus med eple og cashewnøtter

Kylling i currysaus med eple og cashewnøtter

Kylling i currysaus med eple og cashewnøtter er kjapp middag som passar like bra på ein ettermiddag som på ein veninnekveld. Med knasande eplebitar i sausen er denne retten både smakfull og frisk. Og med den finaste fargen frå gurkemeien.

Kylling i currysaus med eple og cashewnøtter

Kylling i currysaus

Curry er som du kanskje veit ikkje eit eige krydder, men ei blanding av ulike krydder. Det vil seie at det finnast ulike versjonar alt etter kva merke du kjøper, så smak gjerne på retten din før du set den på bordet. Eg har brukt heilt vanleg karri/curry frå glas kjøpt på matbutikken. Med litt chiliflak på toppen og frisk ingefær i blir det akkurat passe futt.

Kylling i currysaus med eple og cashewnøtter

Har du lyst til å teste blåskjel i currysaus? Klikk her for oppskrift!

Oppskrift på Kylling i currysaus med eple og cashewnøtter

4 porsjonar / Tid: 30 min

Curry

  • 1 ss kokosolje/smør
  • 300 g kylling
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 cm ingefærrot
  • 1 ss curry
  • 1 ts gurkemeie
  • 1/2 ts salt
  • 400 ml kokosmjølk
  • 2 ss mango chutney
  • 1 raudt eple
  • 4 ss cashewnøtter
  • 1 ts chiliflak
  1. Del kylling i bitar og steik i kokosolje/smør til dei blir brune/gylne på overflata. Kyllingbitane treng ikkje å bli gjennomsteikte. Ha over på ein tallerken og set til side.

  2. Del løk i terningar og steik til løken blir blank. Ha i finhakka kvitløk og ingefærrot og la surre med i 1-2 minutt.

  3. Rør inn curry, gurkemeie og salt. Bland godt og hell så kokosmjølka over.

  4. Legg kyllingbitane tilbake i sausen og la småkoke i 10-15 minutt.

  5. Rør inn mango chutney og eple i terningar.

  6. Strø cashewnøtter og chiliflak på toppen og server gjerne saman med ris, nanbrød og ekstra mango chutney.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.